tirsdag 11. oktober 2011

Nakketak

Nok ein gong skal eg bli ambisiøs i forhold til bloggen og prøve å blogge meir enn det eg har gjort i det siste. Eg vil gjere bloggen om til noko som er kjekt, i staden for noko som er eit ork og som "må gjerast". Bloggen skal bli gulerota i masterskrivinga, for eg kjenner eg vart fort dradd mot facebook, twitter og andre fristande internettstader, og masteroppgåva forsvinn i bakgrunnen.

Eg vil bruke bloggen til meir enn det eg har gjort. Små, korte oppdateringar om dei forholdsvis uinteressante tinga som skjer i livet mitt er OK nok, men eg vil noko meir. Noko kreativt. Derfor vil eg at kvart innlegg skal vere noko. Eg dreg inspirasjon frå andre bloggar som er flinke til å blogge, sjølv om det berre betyr ein inspirerande video, eit dikt eller ein fint bilete.

Eg vil klare det denne gongen.


For tenk på alle dei minutta, timane, dagane eg ikkje gjer anna enn å sløse vekk tid. Nei, no skal eg få noko til. 

Dette innlegget er ikkje berre til informasjon til dykk, lesarane. Men eit løfte til meg sjølv om at no skal eg klare det. Eg har tida, eg har masse tid, eg bruker den berre ikkje fornuftig. Eit nakketak på meg sjølv må til.

Og no må eg sove, for klokka er over 1, og eg byrjar eit nytt og bedre liv i morgon.

2 kommentarer:

line aurora sa...

ja!! glær mæ!
min egen blogg kunne hatt godt av de samme løftene som din får, haha.

tinekatrine sa...

jeg liker at hver dag kan være en ny start :) og hurra for mer blogging, men dumt det er noe du føler du MÅ gjøre da. eller det går kanskje over?

sv: ja, sammen tenke jeg, haha. "og i norge kaster vi te som har ligger i skapet litt for lenge..." blir vel ikke helt det samme uansett, regner med den skal lagres på en spesiel måte.