torsdag 30. september 2010

Forteljinga om Tor og Karin

Eg anar ikkje om dette er interessant for nokon andre enn meg, men eg fann ein nesten intens trong til å skrive forteljinga om oss som kjærastar.

Eventyret starta då venninna mi Marie hadde flytta inn i ny leilegheit saman med to ukjende gutar. Gutane skulle ha dimme-fest etter endt teneste i marinen. Ho ville ikkje vere der åleine med ein drøss militær-gutar, så ho inviterte meg som moralsk støtte. Eg kom til Bergen same dagen etter ein lang sumarferie, og var kanskje ikkje mest opplagt til fest. Men eg hadde ikkje samvit til å la Marie sitje der åleine, så eg gjekk.

Gutane Marie skulle bu med var Øyvind og Tor. Eg prata lett med begge, og alle andre rundt. Det var vanskeleg å hugse namna på alle som var der, så eg og Marie gav alle marine-gutane kallenamn. Men Tor blei Tor og Øyvind blei Øyvind. Etter kvart vart det tid for å bevege seg ned til sentrum og utelivs-Bergen. Vorspielgruppa blei spreidd for alle vindar, men ein god gjeng endte opp på NG2 (dåverande lokale for Kvarteret). Men der hadde dei hiphop/bråk på gong, og verken eg eller Tor er særskild glad i slikt. Me gjekk til Vamoose, men med Øyvind på slep.

Nachspieltid blei det etter kvart, og turen gjekk opp igjen til Parkvegen 2 (som var der Tor budde). Det lei ut i dei seine nattetimar, og eg måtte kome meg heim. Men skummelt å gå frå Nygårdshøyden til Nøstet på kvelden, så Tor tilbudde seg til å følgje meg heim. Etter ein litt for lang og klein samtale med ein nabo utpå trappa, fekk Tor ei visning av leilegheita, og så gjekk han.

Sidan dette var i tida rundt skulestart, såg eg ikkje Tor på ca ei veke. Han var fadderbarn på Mat.Nat og eg var fadder på HF. Men så skulle ei venninne, Monica, ha fest, og eg og Marie var sjølvklart invitert. Då ymta eg frampå at kanskje Tor skulle komme òg (til Marie så klart)? Og det gjorde han.

Etter ein vellukka fest vart eg nyfiken på denne Tor. Og til slutt tok eg motet til meg, omringa av gode vener på kafé, til å sende han ei melding om me skulle ta ein kaffi ein dag. Eg fekk eit ja (pluss eit smilefjes, noko som i Tor-verda er mykje verdt).

Fyrste date var på kafé, og så gjekk me ein tur til Nordnespiret. Der såt me og såg på solnedgangen, og det var veldig romantisk. Andre date kom litt seinare, og då gjekk me og såg på pingvinane og fiskane på Akvariet. Det var litt skuff, sidan det var 15 år sidan sist eg var der, og eg huska det som mykje større. Men med Tor sitt selskap var det ikkje så verst ;) Etter Akvariet gjekk me på kino. Me såg "Landhandlaren frå Provence". Den var fin, men på slutten måtte eg sånn tisse at eg gjekk på do og mista siste delen av filmen. Så gjekk me på Vamoose og tok eit par øl, før Tor følgde meg heim, slik ein skal gjere på andre date. 

Tredje date var "the date". Var litt seint ute fordi Tor var på middagsbesøk hos nokon kompisar. Men i ni-halv ti tida kom han, og då bestemte me oss for å prøve ut To Glass vinbar ved Fløyen. Delte ein karaffel vin, og når kvelden vart kjølig gjekk me begge heim til meg. Den 12. september 2008.

Og så var me offisielt kjærastar. Det var spanande og litt skummelt samtidig. Min fyrste student-kjærast, og ein kjekk ein i tillegg. I mars 2009 flytta me saman til ein mørk kjellar. Der budde me fram til desember 2009, når me pakka saman alt og framleigde leilegheita fordi eg såt snuten mot Amerika. Folk spurde "kva skjer no, skal dykk framleis ver saman?". Sjølvklart, svara eg. Tor besøkte meg i USA i påsken, og det var den beste kjensla i verda å sjå han koma mot meg på flyplassen, etter nesten tre månadar. Eg kom heim igjen i juni, men då måtte Tor vere att i Bergen for å jobbe. Så me såg ikkje kvarandre før 1. juli, når me skulle flytte inn i ny leilegheit. På Kronstad denne gongen, litt utanfor sentrum. Ja, me har kome til det stadiet der me ikkje treng kort avstand til det sentrum har å by på. Ein 7 minutters bybanetur tar oss direkte inn til hjarte av Bergen.

Men forteljinga om Tor og Karin er ikkje slutt, nei, den har så vidt begynt. Etter to år er eg framleis like forelska, og er slettes ikkje lei av denne østlendingen min. Det er ikkje noko snipp snapp snute på dette eventyret, heller ein "more to come".

Bilete er frå Las Vegas, Wynn hotel.

fredag 24. september 2010

Eg er tagga

I eit oppmerksamt augeblikk fant eg ut at min kjære ven Andreas har tagga meg til å skrive sju (7) ting om meg sjølv til informasjon til dei som les denne bloggen her. 

Så her har dykk 7 (u)viktige ting om meg:

♥ Eg song mykje når eg var liten. Eg brukte eit hoppetau som mikrofon, også lina eg opp alle kosedyra mine og song konsert for dei.

♥ Eg har eit arr på handleddet etter eit uheldig leke-uhell i ei gamal rusten tønne. Tønna stod på ei tomt rett attmed huset vårt, og var prima leke-båt. Heilt til eg nesten kutta over heile hovudpulsåra. Men så bygde nokon masse hus der, så då vart både tønna og andre nesten-uhell borte.

♥ Favoritt-kosedyra mine når eg var pitteliten var Emit og Demit. Emit er ein kanin med regnboge mønster på magen, og Demit er ein rosa bjørn. Dei er kanskje tjuge cm høge, og eg bar dei med meg over alt. Men ein kveld kasta eg dei ut av senga mi, og sa til mamma at no skulle dei ikkje vere med meg i senga lenger.

♥ Eg elskar, ELSKAR, historiske romanar. Historiefreak som eg er, er det morosamt å lese litt oppdikta historie i lag med ekte historie. Har dykk forslag til bøker eg kan lese, fyr laust.

♥ Eg irriterer meg over folk. Heile tida. Eg kjem til å bli ei sur gamal dame som kjeftar på alle. Eg hatar folk som stiller seg foran dører på offentleg trafikk når det er plass i midtgangen. Eg taklar ikkje folk som "skal berre" i butikkar, eg var før deg i køen, basta, sjølv om du har to ting mindre enn meg i korga. Jævla folk!

♥ Min største guilty pleasure er talkshows på TV. Rachael Ray ligg høgt på lista.

♥ Eg har eit anstrengt forhold til Jarlsberg. Veit ikkje kvifor, men Norvegia eller Synnøve Finden er mykje betre!


Så der har du det, sju meir eller mindre informative ting om meg. Eg taggar alle som vil!

torsdag 16. september 2010

Cowboy Kaviar

Forma er på bedringens veg, men eg gjer ikkje noko spesielt spanande for tida, så derfor tenkte eg at eg i staden skal dele ei heilt fantastisk oppskrift med dykk!

Cowboy Kaviar er ein slags dipp som ein et saman med tortillachips (helst dei runde, dei trekanta er for salte). Ok, så her har de kva som skal oppi:

Til dressingen:
♥ Rødvinseddik
♥ Tabasco
♥ Matolje (eg bruker raps, den har ingen smak)
♥ Kvitlauk
♥ Salt og peppar

Resten:
♥ Avokado (to mellomstore)
♥ Tomatar (2-3 stk, spørs på storleiken, eg plar bruke 3 store, fordi eg likar tomat)
♥ Vårlauk (ein stilk plar vere nok, men likar du lauksmak så kuttar du sjølvklart opp to stk)
♥ Mais (ein boks, ikkje billegmais, men "gourmet" mais, den er fastare og betre)
♥ Svart-auge bøner ("black eyed beans" på engelsk, finn det i eksotisk-mat butikkar, den posen eg kjøpte kosta 15 kr og held til fire oppskrifter av Cowboy Kaviar)
♥ Fersk koriander

På forhand:
♥ Ein må legge bønene i blaut ca ein dag før ein skal lage Cowboy Kaviar. Hiv alle bønene i ein bolle, hell vatn oppi slik at det dekkar ein cm over der bønene ligg. Tilsett meir vatn ettersom bønene sug i seg det som er.
♥ Etter at dei har blautgjort seg i fleire timar, skal dei kokast. Kok alle på ein gong i ei stor gryte i 20 minutt.
♥ Skyl dei med kaldt vatn når dei er ferdig kokt. Kan stå i kjøleskåp til du skal lage Cowboy Kaviar. Del i fire like store deler, og frys ned dei tre delene du ikkje skal bruke. Held seg godt i frysaren =)

Slik gjer du:
♥ Finn ein ganske stor bolle. Tilsett ca 3-4 spise-skeier rødvinseddik, 1-2 ss olje og 1 ss tabasco. Kutt opp to fedd kvitlauk veldig smått (kan godt raspe det oppi visst du har sånn fancy raspe) og tilsett til dressinga. Tilsett rikeleg med peppar og litt salt (treng ikkje mykje salt). Visst du vil ha ein sterkare smak, tilsett du meir tabasco og rødvinseddik.
♥ Skrell, ta ut steinen og kutt opp avokadoane i biter. Ganske smått men ikkje så små at dei nesten er ingenting. Skal vere ca 1cm store biter.
♥ Tilsett avokadoane i dressingen. Hvis du har, sprøyt litt sitron eller lime på, då held avokadoen seg betre. Bland godt med dressingen.
♥ Kutt opp tomatane i ca like store biter som avokadoane. Tilsett blandinga.
♥ Kutt opp vårlauken, alt skal brukast, utenom tuppen som har alle dei der røtene på seg. Det skal ikkje vere tjukke ringar, ganske så slanke lauk-ringar.
♥ Tilsett ein boks med mais.
♥ Tilsett bønene.
♥ Til slutt hakkar ein opp rikesleg med koriander, minst ei hand full, helst meir. Tilsett
♥ Bland alt saman, slik at alle kompisane oppi får litt dressing på seg, og litt koriander.

♥ Kan godt stå i kjøleskåpet før servering.  Server med chips, og nyt! Dette er ein sunn og god dipp, med masse smak!

Cowboy Caviar
Bilete har eg lånt av ei nettside, det skal sjå ca sånn ut, berre at mi oppskrift gir meir dipp.

tirsdag 14. september 2010

Så lei

Så lei er eg av å vere sjuk:

Gif Created on Make A Gif

Eventuelt så lei:

Gif Created on Make A Gif

Gje meg snue- og feberfritt hovud, pluss ingenting hoste, plis?

søndag 12. september 2010

To år.

I dag, 12. september, har eg og Tor vore i lag i to år. I går gjekk me på fancy restaurant og åt den beste middagen eg har hatt i mitt liv. Me åt på Boha, og det er å anbefala, sjølv om det kostar deg din fyrstefødde.

I går undra eg meg over kor lenge to år er. Eg sa til Tor "tenk ein baby som vart fødd 12. september 2008, den er to år no. Den er stor". Og då sa Tor "stor og tjukk". For toåringar ser jo litt løgne ut, dei kan gå og slikt, men ikkje superstødig, og så har dei veldig korte bein i forhold til kroppen.

Uansett. Det er to år sidan vår tredje date, når me vart litt seint ute for Tor var og åt middag hos nokon kompisar, men kom til slutt og så gjekk me på To Glass ved fløyen og drakk raudvin, før me begge gjekk heim til meg. Det var fint. Me har klart oss gjennom USA opphald og slikt, og då trur eg me kan klare oss gjennom alt.



Eg elskar deg, Tor!

søndag 5. september 2010

Favorittar

Mine favorittar på Etsy for tida. Trykk på navnet mitt nederst for fleire favorittar, eg legg til fleire for kvar dag som går.



Har du nokre Etsy/Epla tips?

lørdag 4. september 2010

Kjøpt meg katt

Men ikkje ein ekte katt. Denne katten, nemleg!

(Altså katten til høgre). Oppi katten skal iPoden min bu, eller kanskje kameraet mitt. Kjøpt på Etsy, så klart. Her er seljaren.