søndag 31. oktober 2010

Fjernsynsseriar eg anbefaler

Hausten er for meg ei slags inne-tid. På hausten skal ein kose seg med te og kjærast/god ven, og noko underhaldande på fjernsynet. Eller ei god bok, sjølv om det for min del ikkje skjer, sidan hausten = pensum-tid når det gjeld bøker. Så difor vel eg fjernsynsseriar, og no vil eg dele nokon av mine haust-favorittar. (Og sånn PS, dette er seriar som ikkje går i Noreg, og visst dei gjer det, er det ein sesong for seint.)

Ok, så me startar med ein favoritt eg har hatt i fleire år. Nemleg 30 Rock. Ein av dei morosamaste seriane som går på TV, hands down, som dei seier over dammen. Tina Fey og Alec Baldwin, i same serie. Treng eg seie meir? I tillegg til Tracy Morgan (som heiter Tracy Jordan i serien, lol), som er tidenes karakter. 

Neste program er minst like morosamt som 30 Rock. Nemleg Community. Ein gjeng veldig forskjellige menneske, som alle av forskjellige grunner går på eit Community College ein stad i USA. Og eg ler og ler og ler kvar episode. Det beste av alt er at Chevy Chase er ein av desse studentane (dykk veit han som var i masse masse tøysefilmar på 70- og 80-talet?). Andre sesong har byrja no, sjå alt!

Så har me eit program som er litt meir alvorleg ein dei to førre, som er litt tøysette. Nemleg Boardwalk Empire. HBO sitt nyaste tillegg til familien, og ein heilt fantastisk serie. Frå 20-talets USA, nærare bestemt Atlantic City i New Jersey. Det er prohibition, alkohol er varte forbode, men det fører berre til ein gryande organisert kriminalitet med smugling og mafia. Nydelege kostymer, fantastiske skodespelarar med Steve Buscemi i hovudrolla, og så klart har Michael Scorsese ei hand med i spelet.

Den siste serien eg vil anbefale for hausten er Parenthood. Familie er sentral i denne serien, og den er både morosam, hjartevarm og trist samtidig. Litt irriterande og kanskje overdreven til tider, men skikkelig feelgood! Den treng ikkje for mykje tankegang, og er fin for å bare slappe av på - ja du gjetta det- hausten.

No seier eg ikkje at dykk må bruke heile hausten innendørs, men av og til er det fint å trekke føtene under seg i sofaen, slenge over eit pledd, koke ein kopp te (som eg no ser eg har gjort og latt stå att på kjøkenbenken, hurra) og sjå på litt godt, gammaldags fjernsyn (eller pc-skjerm, visst du ikkje har fjernsyn)!

onsdag 27. oktober 2010

Fin-veke

Til no har denne veka vore fin, med BIFF (Bergen Internasjonale Filmfestival) gåande. Men det aller finaste var det kjærasten som stod for.

Han hadde nemleg i all hemmelegheit kjøpt denne boka til meg!

Earth - A Visitor's Guide to the Human Race. Folka bak The Daily Show, og så klart John Stewart. Fine, fine boka! 

Tilbake til BIFF. Me har sett The Town, Oceans (som forøvrig er den finaste naturfilmen eg nokon gong har sett), og i dag såg me den finaste finaste FINASTE franske filmen; Pinnsvinets Hemmelighet. Hurra så fin den var! Handlar om Paloma på 11 år som har bestemt seg for å ta livet av seg på 12 års dagen sin. Høyres trist ut? Det hadde kanskje vore megatrist, hadde det ikkje vore for at Paloma er den mest intelligente 11 åringen eg har sett. I filmen ho vart kjent med folk i bygget ho bur i mens ho lagar ein film fram til dagane ho skal dø. Det er gjennom mykje av denne filminga me får inntrykka i filmen frå. Det er ein nydeleg film om vener, livet og korleis folk ofte er annleis enn dei ser ut.
Sjå den!! (Anbefalar sjølvklart òg dei to andre filmane, sjølv om Oceans ikkje er satt opp til å gå på norske kinoar, og det må det gjerast noko med!). 

I kveld skal me se ein siste BIFF film, nemleg Waiting for Superman, ein dokumentarfilm om det amerikanske skulesystemet.

mandag 25. oktober 2010

Ei helg med litt som skjedde

Eg kan ikkje seie å ha hatt ei helg med masse crazy innhald, men litt har no skjedd. For eksempel på fredag var det syster-dag. På føremiddagen var eg i kollokvie hos Karoline, som har verdast største katt. Men så fekk eg melding frå litlesyster som trong litt TLC, så då vart det syster-kveld/dag resten. Me åt taco, såg I love you, man og Whip it, og så vart det seint og då sov Marianne like så godt på sofaen.

Og det passa fint, for på laurdag var det handledag. Antikvariatet sitt utsal av bøker vart besøkt, eg fant ikkje noko, til min overrasking, sidan alle bøkene kosta ei krone. Og så vart det litt handel, eg fekk meg eit skjerf og ein sårt etterlengta badedrakt (bikini er lite optimalt å symje i, særs sidan eg er forholdsvis velutstyrt i bryst-regionen).

Søndag skulle eg prøve ut den nye badedrakta, men når eg kom til Studentsenteret hadde dumme vatn polo folka tatt over heile bassenget. Då vart det heim å lese litt, pluss ete eksotisk matbutikk-snop.

Huvpt_large

Særs nøgd med dagens katt.

onsdag 20. oktober 2010

HURRAHURRAHURRA!

I går kom pakka frå over Atlanterhavet! Endeleg har eg nytt, fancy og fint undertøy! Fire BH-ar og tre truser, hurra! No skal eg vere fin!



 Victoria's Secret <3

I dag har eg og den pene frøkna på biletet under vore på symjing på Studentsenteret. Det var herleg å symje igjen, men eg må definitivt kjøpe meg badedrakt, bikinien har for lite støtte, kan ein vel sei, hehe. 
Fina! (Ho kan vere dagens katt, hihi)

Og eg har fleire nyheiter! I går, seint på kvelden, betalte meg og kjærast 4200 kr for tre netter og fly fram og tilbake til Budapest! Me reiser 7. januar, og eg gler meg til kjærast-tur! Me skulle eigentleg reiser på nyttårsaftan,  men det vart dyrt å fyrst reise til Oslo, så då tek me turen frå Stavanger i staden! Hurra!

Har nokon vore i Budapest? Kva bør ein oppleva, eta og shoppa? Fortel!

mandag 18. oktober 2010

Her har eg budd

Ei lita forteljing om alle adressene eg har budd på/i.

Tytebærholen 3B
Her bur eg framleis visst ein skal tru på Folkeregisteret, for dette er barndomsheimen min. Foreldra mine kjøpte huset ein gong i byrjinga av 80-talet, og dei bur der framleis, no uten dei to eldste døtrene sine. Når eg var mindre hadde me eit stort tre i hagen, sandkasse, leikehus, dissestativ (huskestativ for dykk som ikkje kjem frå sørvestlandet) og rutsjebane. Og stor nok grasplen til diverse ballspel. Det var ein fin adresse å vokse opp på, med masse leike- og springe-rom i nærleiken. No er alle jorda og steinrøyser gjort om til hus, der nye små Brynebuar veks opp. Det kvite huset vårt står ikkje nesten einsam blant jorda lenger, men er omringa av hus, hus over alt. Men det er berre fint, det viser jo berre at tida går framover.

To adresser i Ohio, USA (sorry, hugsar dei ikkje i det heile, og ingen av familiane eg budde hjå bur på sine respektive adresser lengre heller).
I USA i andre klasse på vidaregåande lærte eg mykje. Eg lærte at eg er sterk, og sjølv med motgang kan eg få til det eg vil (sjekk ut blogginga frå august 2005 til juni 2006 for å lese frå den tida eg var i USA). Eg vil anbefale å reise på utveksling til andre, men på ein annan måte enn det eg gjorde, då trur eg ein vil få eit betre opphald.

Damsgårdsveien 16
Eg flytta til Bergen. Det var skummelt og kjekt samtidig. Eg flytta inn i SiB sin studentbolig, og tykte eg hadde ein flott leilegheit og at studietida kom til å bli fantastisk. Og det blei den, og det er den. Dei venene eg fekk det fyrste halve året er framleis heilt utrulig gode vener, og eg elskar Bergen av heile mitt hjarte. Eg budde i Damsgårdsveien frå August 2007 til Mai/Juni 2008, for då flytta eg vidare.

Søndre Munkelivsgate 4
Denne adressa har mang ein student i Bergen hatt ein gong i studietida si. Inn- og utflyttingskulturen på denne staden var høg. Eg og Ingrid fant 6-manns leilegheita på internett og forelska oss i hagen og bygård-feelingen. Og så fann me fire andre som ville flytte inn med oss. Me kalla oss Jævla Folk, og eg tykkjer det var eit passande namn på oss. Du kan lese om dei eg budde saman med her (trykketrykke), og du bør byrje nedan ifrå, med Ingrid.  Oss, dei Jævla Folka, hadde det fint i lag. Men folk fekk kjærastar og slikt, og sakte men sikkert flytta alle ut. No veit eg ikkje kven som bur der, men studentar er dei nok.

Welhavensgate 39 
Den fyrste kjærastleilegheita. Den var liten, i ein mørk kjellar og muggfylt, men den var vår og den var billeg. Eg likte å ha vår leilegheit, sjølv om den var knøttas og eg mistenkte rotter i veggane. Den var byrjinga på noko, og byrjinga på noko fint. Noko som framleis er, berre oppgradert.

1591 High Street, Apt 2
USA, nok ein gong. Men denne gongen på eigne premiss, eg var min eigen sjef, myndig, student og vaska mine eigne kler. Eg har fått amerikanske besteveninner, som eg gler meg til å sjå igjen ein gong. Eg gjekk på eit fantastisk universitet, og kan stolt kalle meg ein Duck (og sånn ps, Oregon Ducks er no nummer 1 på lista over college football lag. Så det så). Eugene, Oregon, gav meg mykje dei seks månadane eg var der, og eg er glad eg reiste. Men eg er lukkeleg over å vere heime igjen.

Camilla Collettsgate 7
Her bur me no. På 27 kvadrat, men 27 fine kvadrat. Me har det me treng, og utanom eit vindauge som lekk litt kald luft utanfrå, så er den perfekt. Den er lys, fin og personleg. Og perfekt for små besøk, som når litlesyster Marianne var her i kveld for indisk middag og litt trash på fjernsynet. Eg vaknar opp saman med fuglane som (utruleg nok) framleis syng, og til øsane pøsane regn på vindauget.

I framtida
Eg veit ikkje kva framtida vil bringe. Kanskje blir me i Bergen for alltid, kanskje fer me langt vekk, og kanskje fer me heim ein stad me ikkje heilt veit kvar er, men som med ein gong kjennes som heime. Kven veit kvar fuglen flyg?   

Dagens katt er Kappeline, den 17 år gamle katten heime. 

søndag 17. oktober 2010

Hurrahelg

Eg har vore på loppemarknad. Igjen. Og kjøpt fine kokebøker (it's a curse, men det er framleis bøker), og turkis kopp med blomar på, eggeglas og ein merinoull genser i finaste grønfargen.

Og så åt eg taco og såg The Fantastic Mr. Fox og The Boat that Rocked med to nydelege jenter, ei frå Orre og ei frå Lærdal. Og me kosa oss, og eg savna Tor sidan han var i Oslo, men det gjekk greit å sove åleine ei natt.

Fant ut at kameraet mitt ikkje vil på. Eg har lada og lada det, men null liv i det. Berre to år gamalt og funka for to månadar sidan. Eg forstår ikkje noko av teknologi.

Eg sleng på ein dagens katt(ar) i dag og!

Tumblr_l97qmwuitv1qc6wqdo1_500_large
Bærekatt!

I morgon skal eg sykle til skulen på den nye nye fine sykkelen min. Hurra!

onsdag 13. oktober 2010

Onsdag Trettende Oktober Totusenogti

I dag har eg vore bissi bissi heile dagen. Pappa og litlesyster Helene kom køyrande frå sørvestlandet i dag, og det har vore action med sengebæring og eting på turist-Egon. Difor vart dette eit kort hallo, pluss dagens katt. Hurra!

Tumblr_l9ab2bsnqi1qzjv7do1_500_large

Sovekatt!

tirsdag 12. oktober 2010

Heime-dag

For å ikkje gjere NOK ein begynnande forkjøling sintare, held eg heimen i dag. Fekk frisk luft når eg gjekk til butikken og bakeriet, som forøvrig gøymer loff inn i namn som "frøbrød" slik at ein trur det er eit sunt brød men så er det heilt kvit loff. 

Det byrjar å bli kaldt, både ute og inne. I dag var det herleg å liggje under dyna når soverommet var litt for kaldt, og å snuse seg inntil halsgropa til han som små-snorkar attmed. Og så står han opp og bruker opp alt smøret slik at ein må på butikken og handle meir smør. Og så vaskar han fotballskoa i vaskemaskina, og eg er uroleg om maskina vil bli øydelagt.

Her har dykk dagens katt!

Tumblr_l94ny2nx2h1qc1cwlo1_400_large

Hihi, morosamt å sjå korleis kattane har føtene sine når dei ligg. Sjå på bakføtene! (Tor sa: "hihi, tjukk katt". Han syns tjukke kattar er morosame.)

mandag 11. oktober 2010

Dagens katt

Helene sa eg burde ha ein dagens katt fordi eg legg ut så mange bilete av kattar. Det tykkjer eg er ein god idé, så då gjer eg det!

Veit ikkje kor mange dagens kattar eg kjem til å ha, men kattar er og blir verdens finaste dyr!
145528_large
Biletet er linka.
Hihi, katt som fangar pinne som ein hund!

søndag 10. oktober 2010

Haust

Eg ser på Gilmore Girls i fleire timar. Eg lagar tapas og speler spel med fine folk. Eg er i byn med fin litlesyster som er forelska men veit det ikkje sjølv, uten å kjøpa noko. Og så et me sushi mens ho sender meldingar og eg føler meg gammal. 

Helga har vore fin. Flott, faktisk. Sjølv om eg skulle ha lest meir pensum og gått ein ekstra tur. 

Takk, fra alle som gjorde helga mi til det den var!  

Tumblr_la38mtrofw1qds28qo1_500_large
PS: Sjekk ut denne nettsida, eg lo så eg grein! HERHERHER.

fredag 8. oktober 2010

Mysteriet oppklart

Pakka frå USA kom ikkje til meg fordi den var sendt i retur til Samantha. Det er teit og unødvendig, men den er i alle fall i sikkerheit, og ikkje vekke for alltid. Kryssar fingrane for at denne gongen kjem den fram.

Helg no, hurra! Må lese litt i dag, men ikkje i overkant mykje.

 Fine folk eg var med i går.

onsdag 6. oktober 2010

Dette ynskjer eg meg for oktober

♥ At pakken min frå Amerika skal kome snart. No har eg venta over ein månad, eg vart utålmodig.
♥ Betre disiplin når det kjem til pensumlesing.
♥ Fleire romantiske stemnemøte med kjærasten min. Eg vil gå på kino og late som om me nyforelska og fnisete.
♥ Å smile meir til framande. Eg var alltid glad av eit smil ein regntung dag på bybana.
♥ At orkideen eg fekk av mamma framleis er i live når månaden er omme.
♥ SOL! Haustturar i parken med gult lauv på bakken er best i sol.
♥ Lese bøker som ikkje handlar om rettspsykiatri eller sinnssjukdom.

Tumblr_l9f00vzwln1qa9omho1_500_large

Haustbilete MED katt på. Perfeksjon.

tirsdag 5. oktober 2010

Rotter og slikt

Eg sit på lesesalen og les om korleis Lombroso på 1800-talet studerte kriminelle og handlingane deira i eit psykiatrisk perspektiv. Eg tek pauser ute i sofaen der folk fortel om ei rotte som dukka opp på den eine lesesalen i går. Den hadde berre kome ut av taket og så sett på dei. Sånt som skjer på Sydneshaugen, i guess.

Eg drikk te frå Celestial som eg fann på Søstrene Grene i Stavanger når eg var heime sist veke. Peparmynte, den beste teen i verda. Eg drakk litervis av den i USA, men har ikkje sett den i Noreg før no. Hurra! Den er 100% naturleg, og dyrka i Oregon! Den er òg gluten og koffein-fri (og Kosher). Namnamnam.

No får eg lese meir, målet er 60 sider i dag.

Beste kattebiletet i verda!