fredag 25. januar 2013

Godt nyttår!

No er det 2013 alt. Tida går så utruleg fort at eg veit ikkje alltid kva eg skal tenke om det. Om ei veke leverer eg masteren (for realz denne gongen, hehe) og om litt over to veker sett eg og Tor snuten mot Portland, Oregon for ein liten ferie. 

Det kjem til å bli veldig kjekt å sjå folk igjen, spesielt Liz og April. Me skal bu på hotell, reise ein tur til Seattle (eg har kun vore på flyplassen der) og gjere mykje anna gøy. Men mest av alt gler eg meg til å sjå dei herlege venninnene mine igjen! Tre år er gått sidan eg satt meg på flyet over atlanteren åleine. Igjen, tida går fort. 

Om ei veke er eg "fri" frå masteren, etter det gjenstår "kun" muntleg eksamen. Det er ikkje berre, berre for meg, for eg liker ikkje muntleg eksamen i det heile tatt. Eg blir kvalm og trur eg kjem til å seie noko dumt kvart sekund. Blir ikkje værre av at eg no skal forsvare mi eiga oppgåve. Korleis gjer ein det, liksom?

Får krysse fingrane for at dette gå strålande!

Imens kan dykk sjå på desse fine kattane oppå ein støvsugar: