torsdag 7. april 2011

Akkurat no skal eg skrive oppgåve om kjeldene og problemstillingane som eg ser føre meg at eg vil ha i masteroppgåva mi. Altså ei oppgåve om oppgåva. Interessant er det heilt klart, men hovudet mitt er på ein heilt annan stad enn på lesesalen. Eg får mail frå KLM om at ein får tur/retur billett til San Francisco for 5500 kr, og eg vil så gjerne berre booke to billettar og setje meg på flyet. Men det går jo ikkje.

Snart er det påske, og då skal eg heimover mot flate Jæren. Og så skal me på hytta, for det gjer me kvar påske. Ein gong me kom til hytta i påskeferien hadde ein musekoloni hatt party der, og dei hadde ete opp alle madrassane og sofaputene. Det håpar eg ikkje skjer denne gongen.

Sist eg var på hytta var i sumar. Då var me heile jentegjengen (minus Cecilie) i tre dagar. Og det var så fint! Sol, bading, lesing, snakking, mat og drikke, ei fantastisk helg! Håpar me kan få det til i år og, og at Cecilie er med denne gongen!

Litt mimring (bileta er lånt av Ragnhild og Helena)





Fine, fine jentene mine!

mandag 4. april 2011

Om..

Denne lista har eg henta frå Tine Katrine sin blogg, men oversatt til nynorsk, sjølvklart ;)

…eg var ei frukt ville eg vore jordbær, fordi dei er så sjukt søte
…eg var ein farge ville eg vore turkis, for det er absolutt den finaste fargen i verda.
…eg var eit dyr ville eg heilt klart vore ein spraglete, tjukkpelsa katt
…eg var eit kjøkkenreiskap ville eg vore ein vannkokar, for det er den reiskapen eg og Tor bruker mest og sett mest pris på
…eg var eit klesplagg ville eg vore ein sumarkjole

…eg var eit smykke ville eg vore eit enkelt sølvhjarte
…eg var ein tinge ville eg vore ein koffert som tilhøyrte ei meget bereist gammal frue.
…eg var ein bil ville eg vore noko som er skånsomt for miljøet, som ein Prius eller noko
…eg var eit element ville eg vore jord, for det er der ting gror og veks og vart fint
…eg var eit tre ville eg vore ALT ANNA enn bjørk. Det er eit møkkatre. Trur eg vil seie palme. 

…eg var ein drikk ville eg vore peppermyntete. Nam
…eg var ein iskremsmak ville eg vore sjokolade med sjokoladebetar i
…eg var ein planet ville eg vore Tellus
…eg var eit insekt ville eg vore ein sommarfugl, for dei er så fine
…eg var ein form for kollektiv transport ville eg vore ein bybane
…eg var ein film ville eg vore "Julie og Julia"
…eg var ei årstid ville eg vore vår, men utan pollen, for pollen er det teitaste i verda
…eg var ein blomst ville eg vore ein peon. 

…eg var ein tegneserie ville eg vore "Skavlans Ark"
…eg var ei gåve ville eg vore ei oppleving
…eg var eit minne ville eg vore eit godt minne
…eg var ein by ville eg vore San Francisco
…eg var ein sans ville eg vore kjensle
…eg var eit spill ville eg vore Rummy
…eg var eit sted ville eg vore der dei eg er gla i er
…eg var eit snop ville eg vore sjokolade 

…eg var eit klokkeslett ville eg vore midt på dagen, ca 12, når alle er vakne og glade (som regel)
…eg var ein oppfinnelse ville eg vore ei tidsmaskin
…eg var ein kroppsdel ville eg vore hendene
…eg var eit land ville eg vore Noreg
…eg var ein smak ville eg vore kyssesmak
…eg var ein sport ville eg vore ridning
…eg var ei lukt ville eg vore blomelukt i botanisk hage
…eg var eit flagg ville eg vore eit sjørøverflagg. 

…eg var ein bygning ville eg vore eit Victoriansk hus på austkysten av USA
…eg var ein månad ville eg vore juni
…eg var ein parfyme ville eg vore den som mamma bruker, Anis Anis
…eg var ei leike ville eg vore eit dukkehus
…eg var eit tekstil ville eg vore bomull
…eg var eit svar ville eg vore "sjølvklart"
…eg var ein lakristype ville eg vore lakrisbåtar
…eg var eit ord ville eg vore "fint"
...eg var ein song ville eg vore "always look at the bright side of life"
...eg var ei bok ville eg vore ei kokebok