mandag 24. januar 2011

Eg kjem tilbake

Er litt sliten, kjem tilbake om litt. Og ja; bloggen har litt barnesjukdomar for tida, men det går snart over. 

Sidan eg er litt usynleg for tida, skal ikkje de lida for det. Difor vil eg vise dykk nokon videoar som mi amerikanske venninne Tricia viste meg når ho var her i helga. WARNING - dykk kjem til å le, for dette er redneck-USA på sitt beste!







Ha ein fin kveld vidare!

mandag 17. januar 2011

Betre tider

2011 skulle liksom bli det store bloggeåret. Men eg har jo ikkje blogga sidan den fyrste dagen i 2011. Skjerpings!

I dag er fyste "skuledag" etter ferien, sjølv om det i grunnen berre er eit gruppemøte. Eg gler meg til å kome igang igjen. Ferien har vore knall, og Budapest var fantastisk (eige innlegg kjem om turen, må berre få tak i bileta)!

Eg skal bli flink i mykje dette året. Skule, trening, blogging, ta bilete, halde kontakt med vener som ikkje bur i Bergen, ete sunt og lage meir mat frå scratch. Ambisiøst, men eg skal klare det!

Dagens katt er trøytt, litt sånn som eg er om morgonen. God morgon!

lørdag 1. januar 2011

Nytt

Til 2010

Du lærte meg mykje. At eg kan greie ting visst eg vil, og at eg som regel klarer det om eg prøver. At nesten 9 månadar utan å vere med kjærast går an, men er ikkje til å føretrekke, og at det ikkje kjem til å skje igjen. At å vere masterstudent er skummelt og kjekt samtidig, men fullt gjennomførebart.

Eg håpar 2011 vart like lærerikt, spanande, skummelt, utforskande, nytt og livleg som det 2010 var. Kanskje betre?

Godt nytt år til dykk alle!