mandag 29. august 2011

Internettlaus!

Hei
Dette vart kort, for eg er på skulen og skal snart ha seminar. No har eg lest alle bloglovin' innlegga som låg og venta på meg. Og det var mange:

Er framleis i flyttemodus, men skal få til å ta litt bilete til anten i morgon eller onsdag! Me har ennå ikkje satt opp klesskapet, så leiligheten flyt over med klær. Eg gler meg til me har fått alt i orden, hatar å bu i eit flyttelass. Og me får ikkje internett før den 9.9. Jaja, me ser masse film.

Blogg mykje, folkens, slik at eg har noko å oppdatere meg på. Legg igjen eit lite spor om du vil at eg skal lese din blogg, the more the merryer!

God måndag!

søndag 14. august 2011

Sint

Ting som gjer meg sint:

- Å finne ut at ein er tom for dopapir når ein sit på do.
- Folk utan intimgrenser på offentleg transport
- Å ikkje ha pengar
- Den der pipelyden ein ikkje veit kor kjem frå
- Å gå gjennom horder av fulle, ekle folk som tek på deg når du går forbi.
- Folk som kjefter på ungane sine i full offentlighet, for smålege ting som at dei ikkje sit i ro på stolen, eller at dei seier dei må tisse.
- Og sist, men ikkje minst, folk som avtaler å kome på visning, men ikkje dukker opp! Eg meiner, kvar er folkeskikken?!



Sorry, veit dette er ein gladblogg, men samtlige av desse tinga skjedde meg i dag, og eg må få eit utløp ein stad. Som ein positiv anekdote kan eg nemne at eg hadde ein kjempekjekk kveld hjå Ingrid og Andreas (mykje av dei i det siste, merker eg), med pizza, film, raudvin og Monopol i kortversjonen.

I morgon kjem mamma, mormor, morfar og Marianne til byn! Hurra! =)


torsdag 11. august 2011

Bloggen 7 år!

Hei!
Eg har fått ein del nye lesarar i det siste (HURRA!) så eg tenkte eg kunne ta og presentere meg litt. Eg heiter Karin, bur i Bergen saman med Mr.Twist (også kjent som Tor) og så studerer eg historie på masternivå ved Universitetet i Bergen.

Eg er 23 år, og har bursdag i juni, noko som passar meg ypperleg, sidan juni er den finaste månaden i året. Eg har to systre, Marianne på 20 år og Helene på 13. Marianne har tatt vet til seg og flytta til Bergen ho og, mens resten bur heime på Bryne i Rogaland.

Eg er veldig glad i kattar, turkis og mosegrønt, bøker, matlaging, loppemarknadar, grilling i parken, kyssing, reising og så klart shopping, eg er no jente, er eg ikkje?

Eg har blogga i 7 år no! Det er 7 år sidan eg oppretta denne bloggen i eit keisamt augeblikk i fyrste klasse på vidaregåande. Ein unge som vart fødd den dagen eg byrja blogge skal nå starte sitt andre år på barneskulen, og det vart eg svimmel av å tenkje på, og eg føler meg gammal som følger.

Og frå no av skal eg blogge skikkelig og ofte. Eg skal ta meg i nakken, eg lovar!

Nyt dagen i dag, og feir bloggen sin bursdag med måte ;) Litt sånn som på biletet under, hihi!


onsdag 10. august 2011

Hurra!

Dette har skjedd i dag:
Her skal eg og Tor bu framover! (trykk på bilete for annonsen)

Så frå eg fekk beskjeden om at budet var godtatt og til eg sit heime i sofaen no har vore veldig, veldig kjekt! Møtte Tor i byn etter jobb, me hadde ein betre middag på Zupperia (den i Vaskerelven) og så gjekk me på kino med dei to finingane for forrige innlegg, Ingrid og Andreas.

For ein fin, fin dag!

Fine


Desse to er nokon av dei finaste menneska eg kjenner. Eg er glad i dykk, Andreas og Ingrid!




mandag 8. august 2011

Noob

Eg er noob i ebay. Meldte meg inn i dag fordi eg skulle kjøpe parykkar til Sam og Kaja sitt kombinerte bursdagsselskap/innflyttningsfest neste helg. Skal så klart ikkje avsløre kva me skal gå som, men her er beviset i min ubrukelighet på ebay.

"Kjøpte" to av den same, eg! KUDOS for den andre selgaren for superrask shipping og slik! WOW!

Eg gler meg!

søndag 7. august 2011

Ynskje

Når me skal flytte (og det skal me snart!) så vil eg ha katt. Ein tjukkpelsa katt som ligg og mal på ein plass han ikkje har lov til å sove, men gjer det likevel. Som er ute på eventyr og når han vil inn igjen så skitnar han til vindauga med labbane. Som ser litt tjukk ut på grunn av pelsen, og som klatrar i trær fordi fuglen han jaga fløy opp dit. Eg er kanskje "litt" kattegal, men no når det ikkje er nokon Kappeline heime på Bryne lengre, saknar eg litt kattekos.


Desse kattebileta har eg lånt av Tine Katrine, ei nydeleg jente med eit talent for fotografi! Bloggen hennar har eg lest ei god stund, og anbefalar den!

IMG_5696

Ein tjukkpelsa, spraglete katt, DET ynskjer eg meg!

onsdag 3. august 2011

Spanande tider

Det er spanande tider i vente. Me er på leilighetsjakt, og denne gongen skal me kjøpe! No krysser me fingrar og tær på at dette går bra. Eg hatar å flytte, men elskar å flytte inn (om det gjer noko meining). Og når det er vårt, så kan me gjere slik me vil. Henge opp ting på veggane, for eksempel.

Og så gler eg meg faktisk til å kome i gong med skulearbeidet igjen, saknar å vere der, utruleg nok!

Ah, no drøymer eg meg vekk på IKEA og alle andre stader der ein får kjøpt seg fine ting til heimen. Når Tor skal til London i september skal eg sende med ei handleliste på Antropologie. Fint fint fint! Her kjem eit lide bildebonanza!


Heilt SJUKT fine knottar til skuffer og liknande frå Anthropologie

Ringskål og egg-behaldar, og frå Anthropologie.

 Møkkafine skåler, sjølvsagt og frå Anthropologie.

Er det nokre skåler eg absolutt ikkje kan få nok av, så er det slike som dette. At Anthropologie har dei i favorittfargane mine er heller ikkje feil. 
Teppe og sofa. Elsker Karlstad-sofaen frå IKEA.
Seng, og frå IKEA. Ikkje sikker på om eg vil ha smijernsseng, men dei er skikkelig fine!
Eg gler meg!