onsdag 16. februar 2011

Blogglysten

Blogglysten flyr forbi som ein fugl i hastverk for å kome seg til Syden. Eg seier "hallo, skal du ikkje stoppe litt her hjå meg?", men han ignorerer meg totalt og flyg vidare. "Den dumme Blogglysten, vil aldri vere med meg" tenkjer eg. Eg veit ikkje om det er vits å prøve å temme den, ha den i eit bur og klappa den inni mellom skule, jobb og alt anna som skjer.

Men eg veit jo den er der, langt inne. Den gøymer seg til mørke kveldar og dagar der den er det einaste som kjem fram. Eg får dåleg samvit, for eg les så mange andre bloggar som oppdaterer ofte og bra, og er fantastiske inspirasjonskjelder.

Så når og om Blogglysten kjem tilbake vil tida vise, men i mens kan eg jo dele nokon av mine siste hang-ups i bloggverda.

Den eg driv og les bakover (with a passion) på no er Scouting New York. Bloggen er drevet av ein "film location scout", altså ein som har som JOBB å leite rundt i New York etter stader ein kan filme scener i filmar på. Innlegga er heilt fantastiske, særs for ein historie-freak som meg. Likte særskilt roadtrip-innlegga hans, får meg til å ville setje meg i ein bil i New York og køyre gjennom heile USA!

Andre bloggar som er kjekke å lese er blant anna Ekstremt Bra Utrolig Fint, som to fine fine jenter står bak. Elefantzonen er og ein kjempeinspirerande blogg, av ei jente som veit å skrive. Ida og Muskatt er ein hobby/mat/interiør-blogg som eg har lest absolutt ALLE innlegga av.

Håpar Blogglysten min kjem på besøk snart, men ein ting er sikkert er at dei nemnte bloggane over ikkje lider av fraværande Blogglyst.

onsdag 2. februar 2011

Pappa

Frå fredag til laurdag kom Pappa på besøk. Han kom eigentleg for å hente bilen me lånte opp til Bergen etter ferien, men koseleg med besøk uansett. Og så kom eg til å tenkje på kor glad eg er i pappaen min.

For pappa er ein slik pappa som fikser ting, som for eksempel lyset på badet som me ikkje fann ut korleis ein fekk opna for å setje i ny lyspære. Pappa kjem, vips; fiksa. Han trudde han øydela dusjen, men eigentleg var det Tor som hadde fått den nedste delen ut av sporet. Pappa fiksa. Han har alltid fiksa ting så lenge eg kan hugse. Han er ein slik pappa som malar hus, bygg senger, bygg lekehytter, dissestativ, sandkasser og så mykje meir. Han lagde dokkehus til meg når eg var 2, og det står framleis framme "under trappå" (leikestaden for alle oss jentene. Der finst det alt av leikenødvendigheiter).

Men pappa er så mykje meir enn berre ein fiksemann. I nabolaget vårt var det berre gutar på min alder når eg var lita. Som regel gjekk ting fredelig og roleg for seg, men av og til vart forskjellane mellom jenter og gutar litt forsterka. Det fine med å ha min pappa når slike ting skjedde, var at berre Pappa viste seg på terrassen når gutane heiv stein på det verste, sprang dei så fort vekk dei kunne. Pappa har breie skuldre og ei mørk stemme med buldrande Stordadialekt. Han var eit godt verktøy i krigen mot gutane.

Ein annan ting eg liker veldig godt med Pappa, er at han kan prate med alle. Som på laurdag, for eksempel, når me var ute og gjekk på Torgalmenningen i Bergen sentrum. Ein kar som delte ut eit kommunistisk tidsskrift kom bort, og Pappa slo av ein prat med han. Når me var på ferie når eg var yngre syns eg alltid det var flaut at Pappa skulle prate med absolutt alle. Men no sett eg pris på det, for folk er så vanvittig lukka og "i farten" no til dags.

Pappa er ein av heltane mine. Han kan så utruleg mykje, og han har mykje å lære bort.

Eg er glad i deg, Pappa<3

Tumblr_lfa3ujprow1qelhuoo1_500_large