onsdag 2. februar 2011

Pappa

Frå fredag til laurdag kom Pappa på besøk. Han kom eigentleg for å hente bilen me lånte opp til Bergen etter ferien, men koseleg med besøk uansett. Og så kom eg til å tenkje på kor glad eg er i pappaen min.

For pappa er ein slik pappa som fikser ting, som for eksempel lyset på badet som me ikkje fann ut korleis ein fekk opna for å setje i ny lyspære. Pappa kjem, vips; fiksa. Han trudde han øydela dusjen, men eigentleg var det Tor som hadde fått den nedste delen ut av sporet. Pappa fiksa. Han har alltid fiksa ting så lenge eg kan hugse. Han er ein slik pappa som malar hus, bygg senger, bygg lekehytter, dissestativ, sandkasser og så mykje meir. Han lagde dokkehus til meg når eg var 2, og det står framleis framme "under trappå" (leikestaden for alle oss jentene. Der finst det alt av leikenødvendigheiter).

Men pappa er så mykje meir enn berre ein fiksemann. I nabolaget vårt var det berre gutar på min alder når eg var lita. Som regel gjekk ting fredelig og roleg for seg, men av og til vart forskjellane mellom jenter og gutar litt forsterka. Det fine med å ha min pappa når slike ting skjedde, var at berre Pappa viste seg på terrassen når gutane heiv stein på det verste, sprang dei så fort vekk dei kunne. Pappa har breie skuldre og ei mørk stemme med buldrande Stordadialekt. Han var eit godt verktøy i krigen mot gutane.

Ein annan ting eg liker veldig godt med Pappa, er at han kan prate med alle. Som på laurdag, for eksempel, når me var ute og gjekk på Torgalmenningen i Bergen sentrum. Ein kar som delte ut eit kommunistisk tidsskrift kom bort, og Pappa slo av ein prat med han. Når me var på ferie når eg var yngre syns eg alltid det var flaut at Pappa skulle prate med absolutt alle. Men no sett eg pris på det, for folk er så vanvittig lukka og "i farten" no til dags.

Pappa er ein av heltane mine. Han kan så utruleg mykje, og han har mykje å lære bort.

Eg er glad i deg, Pappa<3

Tumblr_lfa3ujprow1qelhuoo1_500_large

3 kommentarer:

Helene sa...

ååh.. fint illegg. hurra for alle pappaer i verden :)

Cecilie sa...

så fint innlegg. Det hadde våre kjekt om eg fekk ett sånn innlegg hvis eg nogen gong hadde blitt pappa!

Anonym sa...

Det var jo ein god attest å få, må eg sei. Det med å skrema nabogutane var vel kanskje litt i overkant, men det er kjekt at du ser nytten av det å vera litt nevenyttig. Kommunistar har eg lang erfaring med. Dei to forhutla rastakarane me møtte på Torgalmenningen låg litt etter i pensum. At det snaut finst meir enn 2 nasjonar att i verda med planøkonomi hadde dei ikkje høyrt. Så veldig ivrige etter å emigrera til Nord Korea var dei heller ikkje.