torsdag 17. mars 2011

I katastrofetider..

..hjelp det ikkje å tenne tusen lys eller be seg blå i ansiktet. Om du vil hjelpe Japan må du donere pengar som gir mat, vann og husly til dei tusen som ikkje har noko att. Eg vart rett og slett irritert når eg ser grupper på Facebook som oppfordrar til nyttelause ting som lystenning, gudeleg tilbedning eller boikott av diverse goder i ein dag eller to. Det gir ikkje mat og vann til svaltne, redde og slitne innbyggjarar i eit katastroferamma land.

Difor vil eg oppfordre til noko som faktisk hjelp, nemleg å donera til Raude Kors!


Trykk på biletet for å kome til sida til Raude Kors og donér det du har råd til!

onsdag 16. mars 2011

Å sjå på folk

Eg liker å sjå på folk. Ikkje på ein creepy peeping-Tom måte, men å sitje på Bybanen eller på ein benk på Torgalmenningen og berre sjå på folk. Folk gjer ekstremt rare ting når dei trur at ingen ser på dei. Den store slageren er å studere sine eigne busefantar fresh ut frå nasen, men og å prate med seg sjølv eller nynne til songen dei høyrer på. Noko som forøvrig kanskje ikkje er så veldig rart, eg tek ofte meg sjølv i å gjere det. Nynne, altså, ikkje sjå på busefantar.

Ungar i barnevogner er kjekkast, nesten like kjekke er gamle folk. Eg tykkjer óg det er gøy å overhøyre samtalar mellom fjortisar. Særs dei bergenske fjortisane, for dialekta deira berre forsterker kor fjortis dei faktisk er. "Så då sa eg, til hon liksom, at hon ikkje visste ka hon pratet om, liksom!". Narkomane som prøver å prate seg unna bot for å ikkje ha billett er óg ganske underhaldande. For eksempel når dei fyrst seier dei bur i Førde og aldri i sitt liv har høyrt at det ikkje gjekk an å betale billetten ombord. Men når billettkontrolløren så skal ha adressen til vedkommande kan dei berre oppgi adresse i Bergen "for eg har nettopp flyttet!".

Folk som haster forbi i ein farande fart for å rekke noko viktig, folk som har eksremt god tid i forhold til dei bak dei, og folk som ser opp i staden for å bore blikket ned i asfalten som så mange gjer. Eg lager meg historier i hovudet om kva folk skal, kven dei er og kvifor dei skal dit dei skal. Skal dei kanskje på besøk til ei sur grandtante som dei eigentleg ikkje liker, men må besøke ein gong i året? Eller skal dei på blind date for fyrste gong og har tusen sommarfuglar i magen, men ikkje på ein vond måte?

Av og til er det fint å rømme frå virkeligheita, og ti minutter på Bybanen med litt people-watching er noko eg verdsett.

søndag 6. mars 2011

Hovudstaden i Noreg er Oslo

I morgon tek eg Bergensbanen til hovudstaden. Eg skal snoke i gamle dokumenter om folk som vart dømde som farlege og ein trugsel for menneske rundt seg. True story. Eg skal nærast bu på Riksarkivet frå tysdag til og med torsdag. Eg håpar det er greie folk som jobber der, og at dei tykkjer det er kult at eg kjem.

Eg berre tulla med at eg skal bu på Riksarkivet. Eg skal bu hjå Jorunn. Ho er flyvertinne. I Norwegian, sjølvklart. Eg gler meg til å bu hjå Jorunn, ho er morosam.

Har du/de/whatever som les denne bloggen nokon Oslo-tips? Det vil seie, ting eg kan gjere etter at Riksarkivet stenger (18.30 på tysdager, 17.00 onsdag og torsdag). Eg tek imot restaurant-tips, utestader, fine stader som berre er fine, butikkar, osv.

Eg skal prøve å bli ein betre bloggar. Eg lovar.


Her er meg og Jorunn. Pluss nokon til. Hihihi!!