søndag 29. januar 2012

Vår

Eg har bestemt at våren byrjar i februar. For noko av det beste med våren er tulipanar. Eg elsker tulipaner, dei er så fine! Mine topp tre favorittblomer er tulipaner, nelliker og peoner.

Akkurat no står desse tulipanane på bordet:

onsdag 25. januar 2012

Mobilblogging

Fyrste forsøk på mobilblogging! Håper det fungerer bra slik at eg kan fortsette med det. Enklare liv! Bilete frå den siste tida :)

torsdag 12. januar 2012

Kjøkenforanding

Me har som eg kanskje har nevnt pussa opp leiligheten (mykje takket være ein vasslekkasje me hadde rett etter at me flytta inn). No er kjøkenet så og sei ferdig, unntatt fliser på veggen og litt maling over ting me har ordna. 

Fyrst, her er eit bilete frå korleis det såg ut når me flytta inn (bileta er frå prospektet):


Kjøken inni eit skap, altså. 

Så brukte handymenn pappa og Tor ei helg på å rive litt veggar:


Her er veggane revne og kjøleskapet flytta. Me måtte setje opp to trepålar for at taket ikkje skal dette ned, men eg trur det vart bra når dei vart malte. 


Så byrja skapa å kome opp! Nye, fornuftige kjøkenskap. 

 Byrjar å kome seg!

 Skap oppe med dører! Nesten ferdig!

 Så kom ny benkeplate. Sjekk forskjellen!





Tada!

Eg er skikkelig, SKIKKELIG nøgd! Og tenk grå fliser over kjøkenbenken, vart så fint! Sjukt stolt over pappa (og Tor) som har fatt dette til!

Vil vise fram stova/spisestova i eit seinare innlegg =)

mandag 2. januar 2012

2012

Oj, eit nytt år, og eg har vore dårleg bloggar. Desember vart travel for min del, så no byrjar eg det nye året med blanke ark.

2011 var eit år på godt og vondt. Men 22. juli er nok det er vil hugse best, som me alle vil. Eg håper 2012 vart eit mykje betre år.

Her er ein liten instagramoppdatering som plaster på såret for mi labre blogging i det siste.




Bokhylla som er eit fantastisk sammensurium av mine og Tor sine bøker. Kanina eg vann i eit veddemål med søskenbarnet mitt. Han har den enno på fôr.





Glitternegler! Fekk to neklelakkar med masse glitter frå OPI av Marianne til jul. I år hadde eg ansvaret for nyttårskalkuna. It was a great success!





Eggs Benedict på Smakverket saman med gode venninner.

No byrjer kvardagen. Skal nok ikkje sjå vekk ifrå at det vart ein del blogging frå lesesalen ;)

Godt nyttår, folkens!