onsdag 19. september 2012

Primadonna

Eg har blitt hekta. På Marina and the Diamonds. Fytti så fin musikk! Den fyrste eg fekk høyre var "Primadonna", men alle sangane på den nye plata "Electra Heart" er knallbra.

Sjekk dei ut på Spotify/Wimp, og før du gjer det kan du jo sjekke ut "Primadonna" her:

Enjoy!

mandag 17. september 2012

Tidtrøyte

Når eg kjem heim frå skulen er det ikkje noko som er betre enn å sette seg i sofaen med pledd og ei god bok. Men no i det siste har eg fått ei anna tidtrøyte etter middag. Nemleg neglelakk. Ingrid sa det så fint på Instagram, nemleg "Herregud, skal du lizzm bli neglelakkbloggar?". Tja, won't be the worst thing. Men neida, eg liker berre å konsentrere meg i 15 min på at det skal bli fint, så går eg over til lesing. Her er uansett eit par av dei siste eg har brukt:

Ein nydeleg sjøgrøn frå Barry M, med litt glitter i.

Denne var eg veldig nøgd med. Blass rosa frå Chanel underst, og så glitter frå O.P.I. over. 

Anna tidtrøyte er å rydde, men det er mykje meir keisamt. 

søndag 16. september 2012

Søndag for ein masterstudent..

med to månadar igjen før levering. Shit iz crazy. Men eg koser meg læll, og om det vart for gale så har eg ein dunk med vin i skapet.


Det hjelp og å ha fin kunst på veggane. 

torsdag 13. september 2012

Sånn går no dagan

Livet som masterstudent nærmer seg (raskt) slutten, og panikken tek meg av og til. Det er litt over to månadar til innlevering no, og sjølv om eg har nogelunde kontroll, så kjenner eg av og til at det knyt seg i magen. MEN, eg skal klare det, eg skal bli ferdig.

Eg har fått ny lesesalsplass, som er megadigg. 3 etasje på Sydneshaugen Skole, kor eg sikra meg ein vindusplass. Nice.

Kveldane vart brukt til middagslaging, lesing og seriesjåing. Eg har nesten kome meg inn i ein rutine med å stå opp tidleg, symje, og så gå på skulen. Den må berre finjusterast liiiitt meir, så har eg den.

Kvardagen kjem og går, og snart blir ikkje helgene fritid heller, snart kjem eg nærmast til å bu på lesesalen (og eg blir ikkje åleine). Bloggen vil frå no av vere mitt fristed. I staden for å ta ein facebook-pause vil eg prøve å ta blogge-pause. Blir ikkje det fint?

Men no må eg tilbake til å skrive om rettspsykiatri og primærssakkunnige!

Untitled
Untitled