mandag 14. oktober 2013

Magepels

Hadde du klart å la vere å kose med denne magepelsen? I don't think so! 


fredag 4. oktober 2013

Kunst og kål

To trykk og ei teikning av ei ku som hopper tau, teikna av lillesøster når ho var 9. 



mandag 30. september 2013

Gjenoppliving


Det er haust og nesten 10 månadar siden sist innlegg. Dette året har handla om forandring, for eksempel har eg fått en mykje sunnere livsstil, men ikkje minst har ei lita frøken flytta inn til oss.


Maggie heiter ho og er av typen katt. 





Maggie er 3 år gamal og ein britisk korthår. Adopdert i juli, og har flytta inn heilt fint.

Leverte masteroppgåva i vår, og no søker eg jobb. Det viser seg å vere litt vanskelig, men ikkje være enn at ein prøver kvar dag. 

No får me sjå om blogginga held seg, eg håper det! 

fredag 25. januar 2013

Godt nyttår!

No er det 2013 alt. Tida går så utruleg fort at eg veit ikkje alltid kva eg skal tenke om det. Om ei veke leverer eg masteren (for realz denne gongen, hehe) og om litt over to veker sett eg og Tor snuten mot Portland, Oregon for ein liten ferie. 

Det kjem til å bli veldig kjekt å sjå folk igjen, spesielt Liz og April. Me skal bu på hotell, reise ein tur til Seattle (eg har kun vore på flyplassen der) og gjere mykje anna gøy. Men mest av alt gler eg meg til å sjå dei herlege venninnene mine igjen! Tre år er gått sidan eg satt meg på flyet over atlanteren åleine. Igjen, tida går fort. 

Om ei veke er eg "fri" frå masteren, etter det gjenstår "kun" muntleg eksamen. Det er ikkje berre, berre for meg, for eg liker ikkje muntleg eksamen i det heile tatt. Eg blir kvalm og trur eg kjem til å seie noko dumt kvart sekund. Blir ikkje værre av at eg no skal forsvare mi eiga oppgåve. Korleis gjer ein det, liksom?

Får krysse fingrane for at dette gå strålande!

Imens kan dykk sjå på desse fine kattane oppå ein støvsugar: