torsdag 28. juli 2011

Blå Stein

Var og såg på den Blå Stein på tysdag. Den er ikkje særleg blå lengre.

Dette var på sida mot torgalmenningen, og heile andre sida er og dekka av blomar, lys og gode ord. Er så utruleg stolt over måten landet vårt har reagert på denne forferdelege hendinga. Ikkje hat eller hysteria, berre kjærleik og varme. Er det ei tid å vere stolt av å vere norsk, så er det no!

lørdag 23. juli 2011

Mållaus.

Alt er kan gjere er å sitére ein av Noregs beste diktarar, Nordahl Grieg.

“Vi er så få her i landet, hver fallen er bror eller venn.”

Ta vare på kvarandre! 

fredag 22. juli 2011

Sumar

Eg lev, altså, det er berre det at eg er litt busy, og i tillegg har eg mista litt lysten på blogginga for tida. Men, eg kjem sterkare tilbake til hausten, for spanande ting ligg og luskar i buskane! ;)

I mens kan dykk sjå på denne videoen:


Og denne:


Snakkes!