torsdag 27. oktober 2011

Siste BIFF-restane

I går såg eg min siste BIFF-film for i år. Dette var min femte BIFF! Eg har altså byrja på mitt femte år i Bergen, og det er litt crazy å tenkje på!

Uansett, her er ein liten gjennomgong av dei tre siste filmane eg såg på BIFF:

The Guard


Den irske landsbygda utanfor "storbyen" Limerick. Srg. Gerry Boyle (Gleeson, som og splar Madeye i Harry Potter, red.anm) får hendene fulle når FBI agenten Wendell Everett (Cheadle) dukker opp i samanheng med ein stor internasjonal narkosak. Boyle på si side har eit avslappa forhold til lov og rett, og tøyer grensene litt meir enn politimenn me ser i dei fleste filmar.

Eg såg The Guard med Tor, pappa, Marianne, Luna og ein kompis av Luna, og den falt i smak hjå alle! Den er FANTASTISK! Eg lo så eg grein visse stader i filmen, og når eg kikka over på Tor og pappa satt begge to og lo like mykje. Denne filmen kjem på norske kinoar, og då veit de kva de må gjere. Dykk må SJÅ DENNE!

Hot Coffee



Hot Coffee er ein HBO Dokumentar om USA sitt rettssystem. Eksempel-saken som blir brukt i byrjinga av filmen er om ei 80 år gammal dame som saksøker McDonalds fordi ho brente seg på kaffien deira. Høyrest kanskje banalt ut, men når ein ser bileta frå brannsåra ho fekk frå kaffien, så er det tydeleg at kaffien var for varm. Uansett, rettssystemet til USA er i byrjinga av å bli like styrt av store selskap som det resten av checks and balances er. Og det er det denne filmen tek opp, ikkje saker der feite folk saksøker McDonalds fordi dei vart tjukke av maten deira.

Filmen er.. OK. Den er interessant, men ekstremt saktegåande. Om ein har ein særinteresse for eller held på med utdanning innan juss er nok denne filmen meir for deg enn den var for meg.

Darwin

Darwin, California. Pop. 35. Ein liten, liten by i ørkenen i Death Valley, California. Fråflytta for lengst, utanom 35 herda innbyggjarar. Det som starta som ein gruveby er no heimen til 35 heilt spesielle individ. Nokon har budd der i 50 år, nokon 1 år, men alle har til felles at dei trengde å kome til ein stad der ingen dømde dei på fortida si. 

Darwin er ein fin film, men den er, som Hot Coffee, litt saktegånde. Menneska er kjempeinteressante, men filmen legg seg sjølv opp til å bli litt keisam med lange stillestånade scener med berre natur og falleferdige hus. Men den er ikkje så, lang, og er på ingen måte dårleg. Berre litt treig. 

Sånn. Det er filmane eg har sett på BIFF i år. Det er ein del til eg hadde lyst til å sjå, men ikkje fekk tid til, men eg fekk i alle fall med meg litt. Når eg går på BIFF så liker eg best å sjå dokumentarar, men fekk med meg eit par spelefilmar og, som eit slags pust i bakken. Gler meg til neste år! 

Bileta er linka

lørdag 22. oktober 2011

BIFF Oppdatering

No har eg sett seks filmar på BIFF. Onsdag såg eg Kon Tiki og How to die in Oregon. No kjem ein liten oppdatering på dei andre filmane eg har sett.

Fire in Babylon


Fire in Babylon handlar om det Vestindiske cricketlaget på 70- og 80-talet. Vestindia består av masse små land i Karibien som eigentleg ikkje har så mykkje med kvarandre å gjere, untatt at dei har eit felles cricketlag. Etter ein ydmykande kamp mot Australia bestemmer kapteinen på laget at no skal dei bli gode. Og det blir dei. Vestindia sitt cricketlag er det lengst regjerande laget i nokon sport. Ever. I 15 år var det ingen som slo dei.

Eg veit framleis ikkje korleis cricket fungerer, men eg veit at denne filmen fekk meg til å le hjarteleg mange gonger!

A matter of taste


I 2001 vart den britiske kokken Paul Liebrandt den yngste nokon sinne (24) til å få tre stjerner av The New York Times sin matjournalist. Filmen følger Paul gjennom ups and downs i hans jakt på å finne den perfekte restauranten, der han kan lage mat han brenn skikkelig for.

Eg elska denne filmen. Paul er morosam og engasjerande, og ein føler ein får eit personleg forhold til han gjennom filmen. Til min store overrasking var Paul i salen under filmen, og hadde Q&A (questions and ansvers) etter filmen var ferdig! Han har til dags dato to Michelin stjerner, og røpte at han håpa på tre til neste år. Eg fekk skikkelig lyst til å besøke restauranten til Paul i New York, Corton.

The Interrupters




Chicago. Ein storby i USA med skyhøg kriminalitet og daglege mord og shootouts. Tidlegare kriminelle i gruppa Ceasefire er såkalla Violence interrupters. Dei går fysisk inn i konfrontasjonar mellom grupper for å unngå fleire dødsfall. Dei prater ungdom ut av å ta hevn for at nokon såg på dei rart eller kalla dei bitch.

Dei er heltar i eit samfunn som er "off the grid". The Interrupters er ein engasjerande dokumentar om nokon som jobbar hardt for at samfunnet dei bur i skal bli betre. Ameena Matthews er den ein ser mest til av interrupterane, og ja, du gjetta det, ho var i salen! Ho er så engasjert for det ho driv med at ho berre fekk tid til å svare på eit spørsmål. Ei kanondame, som det heilt klart skulle vore fleire av!

Turkey Bowl




Dette er ein kort komedie med berre ei scene (pretty much). Ein venegjeng kjem saman kvart år i det dei kallar "Turkey Bowl". Dei speler ein amerikansk fotballkamp for så at vinnane får ein kalkun i premie. Filmen varar forholdsvis same lengd som sjølve kampen, og ein får innsyn i dynamikken i gruppa og dei forskjellige karakterane sine personligheter. Den er lett og morosam å sjå, og sjølv om den ikkje er heilt ekstremt fantastisk, så er det en fin film å sjå =)

Det var dei eg har sett til no, i morgon skal eg sjå The Guard  og på måndag skal eg sjå Hot Coffee!

torsdag 20. oktober 2011

How to die in Oregon

Eg såg to filmar på BIFF i går. Den fyrste var klassikeren Kon Tiki av Thor Heyerdal. Har ikkje sett den før, så det var kjekt. Den andre filmen var How to die in Oregon av Peter D. Richardson. Det er den mest rørande og sterke dokumentaren eg har sett i mitt liv.

I 1994 vart Death with Dignity Act valgt fram i delstaten Oregon i USA. Med den kan ein terminalt sjuk få medisinar til å ende sitt eige liv. For å få medisinane må to legar erklera at ein har mindre enn 6 månadar igjen å leve, og at ein er fysisk og psykisk tilstede til å ta medisinen sjølv. Filmen følger personar i forskjellige stadier i prosessen med å ta eller kjøpe medisinen. Den personen ein følger lengst er Cody. Ho har kreft i leveren, og me bryjar å følge ho etter at ho har kjøpt medisinen og heilt til siste slutt.

How to die in Oregon er så sterk at ein sit igjen med tusen inntrykk. Mi personlege meining om assistert "sjølvmord" er ikkje forandra etter å ha sett den, tvert imot. Men filmen viser ikkje berre den sida som er for lova, men og saker som viser motsatt side.

Eg anbefaler den virkelig, og håper at dei som kan får sett den. Den går kl 15.45 i dag og klokka 11.30 i morgon. Billettar er berre å få kjøpt i skranken på Bergen Kino, og er fjerna frå nettsidene til både BIFF og Bergen Kino, grunnar ein berre kan tenkje seg til sjølv.

Igjen, sjå den!

 Cody, ektemannen og legen hennar på det siste legebesøket. 

Bileta er frå filmen si Facebookside. 

mandag 17. oktober 2011

Glede

Eg gler meg til:

♥ BIFF! Bergen Internasjonale Filmfestival byrjar på onsdag, og varer i ei veke. Eg har fyllt 600 kr på BIFF-kortet mitt, og har valgt meg ut eit knippe filmar eg vil sjå. Kjem til å lage ei liste over favorittane etter kvart som eg har sett dei.

♥ Å bli ferdig med utkastet av bakrunnskapittelet mitt i masteren, må sende utkastet på mail til seminarleiar torsdag 27. oktober, altså litt over ei veke til. Har ein del til å skrive, men det kjem seg nok.

♥ Veronica Maggio konsert på Logen på torsdag 27. oktober (litt av ein motivasjon for kapittelskriving, altså)!

♥ Den nye plata til Marit Larsen!

Og så kjem november, og så desember med jul og hurra!

lørdag 15. oktober 2011

Anne

I går var eg, Luna og litlesyster Helene på studentteateret Immaturus si oppsetjing av "Anne Franks Dagbok".

Eg likte stykket godt, særs det at dagboka var personifisert og fungerte som ei forlenging av tankane og kjenslene til Anne. Scenografien var enkel, men vakker, og det at publikum sit på pallar som omringer scena er ein kjempefin effekt og lagar ei veldig intim kjensle.

Eg las boka for mange, mange år sida, og veit kva som skjer, men det visste ikkje litlesyster, og ho forstod ikkje heilt kva som skjedde i slutten. Så det er ikkje heilt lagt opp for dei som ikkje kjenner så godt til historia frå før. Men det kan ein jo heller ikkje regne med, dei fleste veit jo korleis "Anne Franks Dagbok" ender.

Skal eg pirke så er eg ikkje superfan av kunstneriske innslag av dans og kollektive bevegelsar generelt i teateroppsettingar. Men det er berre min personlege smak, for stykket var bra! Siste oppsetjing er diverre i dag, men om du befinn deg i Bergen utan noko å gjere i kveld, så sjekk det ut!

torsdag 13. oktober 2011

Cute Overload!

Åh åh åååååhhh!! (Sjå heile, det beste er i slutten).



Går det AN å bli søtare?

tirsdag 11. oktober 2011

Teagarden

Dei siste vekene har eg blitt sugd inn i verda til Charlaine Harris nok ein gong. Ho er dama bak "Southern Vampire Mysteries" (True Blood bøkene) og no er eg hekta igjen. På "The Aurora Teagarden Mysteries". Handlingen ligg i ein småby i utkanten av Atlanta i delstaten Georgia ein gong på slutten av den 20 århundre (noko konkret årstall vart ikkje oppgitt, datamaskinar finst, men er ikkje vanlege, og folk har ikkje mobiltelefonar). Aurora Teagarden er ein biblotikar med ein sans for å løyse mysterier, noko ho som regel ender opp i ufrivillig.

Bøkene til Harris er alltid ekstremt fengande og spanande. Min guilty pleasure her i livet er spanande chic-lit, altså ikkje berre kjærleik og kliss, men litt spenning i tillegg. I Sookie Stackhouse-bøkene er Harris ganske drøy på forteljingane frå under lakenet, men frk. Teagarden er litt eldre og ein smule meir southern lady enn det Sookie er.

         
Bileta er linka

Det fine med "The Aurora Teagarden Mysteries" er at dei berre er å få kjøpt i såkalla "Omnibus" her i Noreg, altså fleire bøker samla i ei bok. Omnibus 1 leste eg ut sist veke, og i dag kjøpte eg nr 2. Eg gler meg til å lese meir av kva Aurora ramlar borti. Boka skal vere ei belønning til meg sjølv for godt arbeid på skulen, har eg ikkje jobba godt på skulen den dagen, får eg ikkje lese i boka. Det gjeld å presse seg sjølv!

Nakketak

Nok ein gong skal eg bli ambisiøs i forhold til bloggen og prøve å blogge meir enn det eg har gjort i det siste. Eg vil gjere bloggen om til noko som er kjekt, i staden for noko som er eit ork og som "må gjerast". Bloggen skal bli gulerota i masterskrivinga, for eg kjenner eg vart fort dradd mot facebook, twitter og andre fristande internettstader, og masteroppgåva forsvinn i bakgrunnen.

Eg vil bruke bloggen til meir enn det eg har gjort. Små, korte oppdateringar om dei forholdsvis uinteressante tinga som skjer i livet mitt er OK nok, men eg vil noko meir. Noko kreativt. Derfor vil eg at kvart innlegg skal vere noko. Eg dreg inspirasjon frå andre bloggar som er flinke til å blogge, sjølv om det berre betyr ein inspirerande video, eit dikt eller ein fint bilete.

Eg vil klare det denne gongen.


For tenk på alle dei minutta, timane, dagane eg ikkje gjer anna enn å sløse vekk tid. Nei, no skal eg få noko til. 

Dette innlegget er ikkje berre til informasjon til dykk, lesarane. Men eit løfte til meg sjølv om at no skal eg klare det. Eg har tida, eg har masse tid, eg bruker den berre ikkje fornuftig. Eit nakketak på meg sjølv må til.

Og no må eg sove, for klokka er over 1, og eg byrjar eit nytt og bedre liv i morgon.