lørdag 15. oktober 2011

Anne

I går var eg, Luna og litlesyster Helene på studentteateret Immaturus si oppsetjing av "Anne Franks Dagbok".

Eg likte stykket godt, særs det at dagboka var personifisert og fungerte som ei forlenging av tankane og kjenslene til Anne. Scenografien var enkel, men vakker, og det at publikum sit på pallar som omringer scena er ein kjempefin effekt og lagar ei veldig intim kjensle.

Eg las boka for mange, mange år sida, og veit kva som skjer, men det visste ikkje litlesyster, og ho forstod ikkje heilt kva som skjedde i slutten. Så det er ikkje heilt lagt opp for dei som ikkje kjenner så godt til historia frå før. Men det kan ein jo heller ikkje regne med, dei fleste veit jo korleis "Anne Franks Dagbok" ender.

Skal eg pirke så er eg ikkje superfan av kunstneriske innslag av dans og kollektive bevegelsar generelt i teateroppsettingar. Men det er berre min personlege smak, for stykket var bra! Siste oppsetjing er diverre i dag, men om du befinn deg i Bergen utan noko å gjere i kveld, så sjekk det ut!

Ingen kommentarer: