mandag 30. august 2010

Lydar

Det finnest mange lydar i verda. Dei vondaste eg veit om og kjenner til er:


Vonde lydar:
  • Lyden Bybana lagar når dørene lukkast. Særs når dei ikkje lar dørene stå opne ved Bypark-stoppet, men lar dørene gå nesten att, for så å kome med ny pipelyd (ikkje like vond) når dørene opnast. Gjentatt kvar gong nokon går inn på bana. 
  • Hylgrining. Ikkje godt for noko. Særs når folk lar ungane hylgrina "fordi dei må læra seg å ikkje få viljen sin". Djis, ungen skrik som om den held på å døy, gje den oppmerksomheit, du er i offentligheita! 
  • Smatting. Du er vaksen. Ler deg å ete med munnen igjen. End. Of. Story. 
  • Hånleg latter. Latter kjem på lista over fine lydar, men hånleg latter er noko av det vondaste eg høyrer. Slemt og unødvendig. 
  • Kohlsmaskin-lyden. Litt som Darth Vader, berre ikkje underhaldande i det heile.
    Fine lydar:
    • Kattar som malar. Er nesten ikkje finare lyd i verda, det er så sinnsjukt koseleg å høyre på at ein katt malar. Særs i sola på ein sumardag, ute i hagen mens ein les ei bok og et jordbær. Og så ligg katten ved sida av og halvsøv i sola mens den malar som ein liten maskin. 
    • Latter. Ekte, gledesfylt latter. Enten det er vaksne eller ungar som ler, berre det er ekte gledeslatter. Eller visst ein blir kitla av nokon ein likar ekstra godt. For eksempel kjærasten sin. Då ler ein litt fordi det kitlar og ein ikkje klarar lat vere, men og litt fordi det kitlar innvendig når kjærasten tek på deg. 
    • Fuglesong. Ganske fint å vakne til. 
    • Når vinden bles i trea. Enten det er på sumaren eller på hausten, det er fint uansett.
    • Stemma til Peter O'Toole. Sjekk ut andre sesong av Tudors, så veit du kva eg meiner. Han speler paven, og eg lukk att augo når han pratar. 

    Ymse bilete frå Google.

    Har du nokon vonde/fine lydar du veit om? 

    tirsdag 24. august 2010

    Hei

    Eg tenkte at eg skulle stikke innom og sei "Hei, eg lev". Men eg har introduksjonsførelesningar kvar dag, med så mykje informasjon at hovudet held på å sprengast av og til. Det kjennes i alle fall slik ut. Å begynne på master i historie er kjekt men mykje, mykje nytt.

    Og i dag sklei eg på den teite trappa som går opp til Rosenbergsgaten. Då kutta eg meg og blødde heile vegen til Øisteinsgate 3.

    Og eg lovar at forteljinga eg frista med for nesten ein månad sidan snart er på veg!

    mandag 9. august 2010

    Ting folk gjer

    Ting folk gjer i bilen når dei trur ingen ser dei:


    1. Pirkar seg i andletet/nasen/øyra
    2. Syng høgt i lag med radioen/CDen/mp3-spelaren
    3. Klør seg diverse stader på kroppen (for menn, mykje under beltestaden)
    4. Et mat/drikk kaffi osv
    5. Pratar i telefonen/sender SMS (ikkje lov)

    3270259124_7a191a6a61_z_large

    6. Sminkar seg/pussar tennene (fakta, har sett det sjølv. I USA, sjølvklart, men framleis).
    7. Nys, og studerer det som kjem ut (æsj)
    8. Røyker (men eg trur eigentleg ikkje folk trur at andre ikkje ser dei når dei røyker i bilen. Ganske opplagt når det kjem os ut or vindauget på bilen, gjerne akkompagnert med ei hand med sigarett i)
    9. Surfar på nettet på nye fancy telefonar
    10. Søv (men denne er ganske sjeldan, og ender aldri bra)
     
    Tumblr_l4fzwo2z0t1qzcfswo1_1280_large
     Bileta er frå me<3det

    søndag 1. august 2010

    1. August

    I går reiste eg og småsystrene til hytta, og kom heim i dag. Mamma og pappa har vore der sidan torsdag, og dei kjem heim i morgon. Dei pleiar kjærleiken, som pappa sa. Eg trur dei berre ville slappa av litt, med seg sjølve. Det kan vel sjåast på som å pleia kjærleiken.

    Snart kjem det ei historie her på bloggen. Så det er berre å gle seg.

    På onsdag kjem Tor til Bryne. Frå den dagen av skal me ikkje være vekke frå kvarandre igjen, i alle fall ikkje 8 månadar. Det er alt for lenge.

    No skal eg sove, har ei veke til med jobbing. Og så er det å setje snuten mot Bergen og studentlivet igjen.