mandag 13. august 2012

Fyrste dagen i semesteret

I dag er fyste dagen i mange unge nye studentar sitt liv innan høgare utdanning. Dei er spente på kva som ligg framføre dei, litt redde, men mest så gler dei seg til det fadderveka vil bringe dei neste seks dagane.

Eg byrjar no på mitt sjette år ved Universitetet i Bergen. SJETTE! Eg har sambuar, går på dugnad og et middag forann fjernsynet. For tolv semestre sidan budde eg i studenthybel og når eg åt middag så var det spaghetti med ketchup på, eg var rett og slett for opptatt til å ete og lage middag. 

Tida går så fort at eg veit ikkje heilt kvar den vart av. Eg har framleis to år igjen av utdanninga mi om alt går etter planen. Kva som kjem etter det veit eg ikkje, men eg håper det vart spanande og utfordrande. No må eg berre sjå til å skrive ferdig denne masteroppgåva. 

Til alle som er nye studentar i år: KOS DYKK! Det kjem ikkje tilbake. Ta vare på dei fyrste åra som student, du får vener for livet og skaper minner du vil ta med deg vidare - både gode og vonde. 


Eg kjenner eg vart litt sjalu på dei; dei nyfødte studentane. 

torsdag 9. august 2012

The Little Paris Kitchen

Det er gjer når eg sit på lesesalen og skriv, er å ta små pauser innimellom. I det siste har eg tatt pause med å sjå ein episode The Little Paris Kitchen med Rachel Khoo. Fy søren så mykje godt ho lager, på eit knøttlite kjøken i Paris. Legg ved fyrste episode her, så får dykk bli like hekta som meg!

Del 1

Del 2

mandag 6. august 2012

Summer came and went

Sommaren for min del har vore København x2, flatt ut sjuk i ei veke, besøk frå Tsjekkia med tur til Rosendal, regn, jobb og ein liten tur til Bryne.

Bergen gjer frå seg det vanlege denne sommaren og, med regn og 15 grader. Litt innslag av sol av og til, men då har eg som regel vore inne på eit kontor i 8 timar.

København var megakjekt. Fyrst med familie + Tor i anledning mamma sin 50 års dag. Andre turen var med gode venninner, og då vart det mykje shopping, kafé og god mat.

No håper eg august vart betre enn juli.

Og så, litt bilete:

Baroniet Rosendal sitt gartneri, no kafé.

Fangst frå hagen. Det meste vart ete av sniglane, men litt til meg og!

Obligatorisk tur til Christiania i København.