torsdag 8. november 2012

Eit lite Hallo

Ein liten oppdatering kan eg koste på meg no, når eg har tatt ein beslutning om å utsetje masterinnleveringen til 1 februar. Det vart rett og slett for mykje for meg, og no har eg betre tid til å skrive ei god oppgåve som eg kan vere nøgd med.

Ellers skjer det særs lite. Bergen er kald og våt, kveldane mørke. Men det er no litt fint det og. Eg gler meg til jul og til det nye året.

Nyt hausten!
Kastanjane eg putta i lomma. 

Biletet er frå oktober. No er trea heilt nakne. 

tirsdag 2. oktober 2012

Haust

Ja, no er oktober her. Eg har 50 dager til levering av masteroppgåve, men hjartet er lettare no, og eg veit eg klarer det. Kveldane har eg slutta å ha forann fjernsynet, då eg blir både trøytt i augene av det, og vond i hovudet. No les eg i staden opp att gamle favorittar, som for eksempel Aurora Teagerden-serien av Charlaine Harris (som og har forfatta Sookie Stackhouse bøkene). Med fint nytt teppe frå IKEA blir dei mørke kveldane med ein gong meir innbydande. 


Måtte oktober bli ein bra månad!

onsdag 19. september 2012

Primadonna

Eg har blitt hekta. På Marina and the Diamonds. Fytti så fin musikk! Den fyrste eg fekk høyre var "Primadonna", men alle sangane på den nye plata "Electra Heart" er knallbra.

Sjekk dei ut på Spotify/Wimp, og før du gjer det kan du jo sjekke ut "Primadonna" her:

Enjoy!

mandag 17. september 2012

Tidtrøyte

Når eg kjem heim frå skulen er det ikkje noko som er betre enn å sette seg i sofaen med pledd og ei god bok. Men no i det siste har eg fått ei anna tidtrøyte etter middag. Nemleg neglelakk. Ingrid sa det så fint på Instagram, nemleg "Herregud, skal du lizzm bli neglelakkbloggar?". Tja, won't be the worst thing. Men neida, eg liker berre å konsentrere meg i 15 min på at det skal bli fint, så går eg over til lesing. Her er uansett eit par av dei siste eg har brukt:

Ein nydeleg sjøgrøn frå Barry M, med litt glitter i.

Denne var eg veldig nøgd med. Blass rosa frå Chanel underst, og så glitter frå O.P.I. over. 

Anna tidtrøyte er å rydde, men det er mykje meir keisamt. 

søndag 16. september 2012

Søndag for ein masterstudent..

med to månadar igjen før levering. Shit iz crazy. Men eg koser meg læll, og om det vart for gale så har eg ein dunk med vin i skapet.


Det hjelp og å ha fin kunst på veggane. 

torsdag 13. september 2012

Sånn går no dagan

Livet som masterstudent nærmer seg (raskt) slutten, og panikken tek meg av og til. Det er litt over to månadar til innlevering no, og sjølv om eg har nogelunde kontroll, så kjenner eg av og til at det knyt seg i magen. MEN, eg skal klare det, eg skal bli ferdig.

Eg har fått ny lesesalsplass, som er megadigg. 3 etasje på Sydneshaugen Skole, kor eg sikra meg ein vindusplass. Nice.

Kveldane vart brukt til middagslaging, lesing og seriesjåing. Eg har nesten kome meg inn i ein rutine med å stå opp tidleg, symje, og så gå på skulen. Den må berre finjusterast liiiitt meir, så har eg den.

Kvardagen kjem og går, og snart blir ikkje helgene fritid heller, snart kjem eg nærmast til å bu på lesesalen (og eg blir ikkje åleine). Bloggen vil frå no av vere mitt fristed. I staden for å ta ein facebook-pause vil eg prøve å ta blogge-pause. Blir ikkje det fint?

Men no må eg tilbake til å skrive om rettspsykiatri og primærssakkunnige!

Untitled
Untitled

mandag 13. august 2012

Fyrste dagen i semesteret

I dag er fyste dagen i mange unge nye studentar sitt liv innan høgare utdanning. Dei er spente på kva som ligg framføre dei, litt redde, men mest så gler dei seg til det fadderveka vil bringe dei neste seks dagane.

Eg byrjar no på mitt sjette år ved Universitetet i Bergen. SJETTE! Eg har sambuar, går på dugnad og et middag forann fjernsynet. For tolv semestre sidan budde eg i studenthybel og når eg åt middag så var det spaghetti med ketchup på, eg var rett og slett for opptatt til å ete og lage middag. 

Tida går så fort at eg veit ikkje heilt kvar den vart av. Eg har framleis to år igjen av utdanninga mi om alt går etter planen. Kva som kjem etter det veit eg ikkje, men eg håper det vart spanande og utfordrande. No må eg berre sjå til å skrive ferdig denne masteroppgåva. 

Til alle som er nye studentar i år: KOS DYKK! Det kjem ikkje tilbake. Ta vare på dei fyrste åra som student, du får vener for livet og skaper minner du vil ta med deg vidare - både gode og vonde. 


Eg kjenner eg vart litt sjalu på dei; dei nyfødte studentane. 

torsdag 9. august 2012

The Little Paris Kitchen

Det er gjer når eg sit på lesesalen og skriv, er å ta små pauser innimellom. I det siste har eg tatt pause med å sjå ein episode The Little Paris Kitchen med Rachel Khoo. Fy søren så mykje godt ho lager, på eit knøttlite kjøken i Paris. Legg ved fyrste episode her, så får dykk bli like hekta som meg!

Del 1

Del 2

mandag 6. august 2012

Summer came and went

Sommaren for min del har vore København x2, flatt ut sjuk i ei veke, besøk frå Tsjekkia med tur til Rosendal, regn, jobb og ein liten tur til Bryne.

Bergen gjer frå seg det vanlege denne sommaren og, med regn og 15 grader. Litt innslag av sol av og til, men då har eg som regel vore inne på eit kontor i 8 timar.

København var megakjekt. Fyrst med familie + Tor i anledning mamma sin 50 års dag. Andre turen var med gode venninner, og då vart det mykje shopping, kafé og god mat.

No håper eg august vart betre enn juli.

Og så, litt bilete:

Baroniet Rosendal sitt gartneri, no kafé.

Fangst frå hagen. Det meste vart ete av sniglane, men litt til meg og!

Obligatorisk tur til Christiania i København.

mandag 28. mai 2012

Pinterest

Har dykk Pinterest? Det er utruleg avhengighetsskapande og eg treng fleire å følge! Så kom an, brukernavnet mitt er karinfransisca og det er berre å følge meg!

Er du inne på ei side og finn noko du syns er fint, interessant, fantastisk og så vidare, så berre "pinner" du det, og så ligg det lett tilgjengelig til når du måtte sjå på det igjen!

Her ser ein det dei du følger og det dei pinner

Her er mine pins

Ein lager "boards" og legg pinnane inn i den boarden som må passe den pinnen. 

Det er så utruleg gøy! Igjen, legg meg til, eller be meg om ein invitasjon med å legge igjen e-postadressa di! 

lørdag 28. april 2012

Oslo

28. mai til 1. juni skal eg til hovudstaden for å lese gamle dokument på Riksarkivet. Men på kveldane vil eg gjerne sosialisere meg litt, og nokon av dagene gidd eg sikkert ikkje sitje heile dagen på arkivet. Så om nokon vil møtast for å gå på kafè eller noko, sei ifrå! Eg elsker å møte nye menneske og generelt vere med folk, så ikkje ver sjenerte =) Send meg ein mail då vel!

Oslo, Norway

onsdag 25. april 2012

Akkurat no

Akkurat no vil eg berre ete makroner med spanande smaker og drøyme meg vekk. Har hatt ein ekstremt vond hovudpine dei siste to dagane, og er megalei. Eg ser på Masterchef Australia og heier på forskjellige for kvar episode. Håper morgondagen fører betre hovud med seg!


tirsdag 17. april 2012

Pete Campbell KTFO

Desidert den beste scena frå den siste Mad Men episoden:


Åh, herre så morsomt!

Gif herfrå.

onsdag 4. april 2012

Heimstaden

Er heime på Bryne i påskeferien. I morgon skal me på hytta, som er telefon og Internettfri. Vart herleg. Skal fylle opp Kindle'en med spanande litteratur, iPoden er ladd og full av god musikk og joggebuksa er pakka.

Slenger med eit bilete eg tok når me gjekk tur til Vestly i går. Bryne er no fint då, sjølv om det ligg på bondelandet ;-)

mandag 2. april 2012

London

Æsj, eg skulle jo vere sånn flinkisbloggar med to innlegg kvar dag med masse bilete. HAHA! Neida, men eg har vore dårleg no. London er jo over ei veke sidan! Så no kjem eit lite bildedryss (obs, mykje er av mat!)

   
På mandagen traska me litt rundt i byn, åt pasta og Tor kjøpte sko. På kvelden var me på Zach Braff (jepp, han frå Scrubs) sitt teaterstykke "All new people" Det var bra, men me var glade me betalte halv pris for billettane, for det var ikkje bra. Tysdag var me på Victoria & Albert Museum, Natural History Museum, Harrods og Covent Garden på dagen (ja, det vart litt shopping).

Pad thai til lunsj på tysdag. Nam nam. 

Tysdag kveld var eg og kjekkasen på Dinner by Heston (Blumenthal). Fancy, svær restaurant med kjempegod mat.

   
Forretten min var "chicken oysters" med kamskjell og diverse salat. Hovudretten var langsteikt biff med babygrønsaker og "mashed potatoes". Tor hadde "meatfruit" til forrett, som er ein av Heston sine "spesialitetar". Eg likte det ikkje så godt, det er kyllinglever inni ein mandaringele, liksom. Eh. Men Tor likte det. 

Dessert på Dinner. "Chocolate bar" med ingefæris. Spesielt, men veldig godt. Etter Dinner gjekk me til Soho og satt på ein bar der ei lita stund før me tok turen tilbake til hotellrommet etter ein lang dag. 

Så kom onsdag, og dagen me skulle ete lunsj her:


(Bilete er frå desserten, but whatever!) Me kosa oss heilt storveis hjå Gordon Ramsay. Enormt god mat, intim atmosfære, og me vart skikkelig oppvarta. Maitre'd Jean-Claude Breton gjorde ein fantastisk jobb og me vart nesten utskjemde (og det var han som tok bileta, hehe). 

Forretten min var svin, med scampi og diverse grønsaker (neper hovudsaklig) og asiatiske urter. Hovudretten var ENORMT god, det var kylling stuffa med foie gras og spinat, lagt lagvis med noko bakverk og babyspinat, med ein knallgod saus. (Fy, det var dridgodt!) 


Til dessert hadde eg fritert banan saman med ein peanøttis og noko banangreier inni det "røyret", og sjølvklart sjokoladen. 

Og check it, me fekk sjå kjøkenet og helse på hovudkokken der (ikkje Gordon sjølv, uheldigvis), men hans next in command, Clare Smyth. Etter denne euforiske matopplevinga satt me oss på ein uterestaurant og drakk raudvin og las bøker. 

På kvelden gjekk me rundt og kikka  i nabolaget, åt middag på ein libanesisk restaurant og slappa av. 


Torsdag var heimereisedag. Me sjekka ut av hotellet og gjekk til tuben for å kome oss til British Museum. Der såg me på greske skulpturar, egyptiske mumiar og romerske myntar, før me igjen tok oss til Covent Garden for å ete lunsj. Valet falt på indisk.


Forretten min var ein "cruchy salad" og hovudretten "butter chicken". Nam nam!


Sitronsorbet til dessert (ikkje så veldig indisk), og restauranten hadde fin pynt opp under taket.

Eg elskar London, og eg elska det enno meir når det var berre meg og Tor. Hadde det kjempefint, og eg gler meg til me skal tilbake. Då skal me garantert på Gordon Ramsay igjen, men til middag den gongen (må berre spare litt fyrst, hehe). Åh, London! 

tirsdag 13. mars 2012

Om søstre

Eg har to søstre. Marianne kom til verden ei veke før eg vart 3 år. Ho var liten, raud og gjor ikkje mykje anna enn å ete, bæsje, sove og grine. Men etter kvart vaks ho til, og byrja krangle tilbake når eg bossa ho rundt. Likevel var ho alltid hunden når me leika mor, far og unge, og ho fekk alltid den dårligaste dissa (huska) når me leika ute. Sånn er det berre med litlesøstre, dei skal bossas litt rundt.

Det året eg vart 10 år og Marianne vart 7 kom Helene til verda. Ein familie treng jo alltids ein attpåklatt, særs når ein har ei storesøster i beste trillepikealder. Det er noko med pre-tenåringar og babytrilling, altså. Og no fekk Marianne sjangsen til å bosse litt rundt, ho og.

Eg er veldig, veldig glad i søstrene mine. Dei er to nydelege skapningar begge to, veldig ulike, men nydelige. Og no er Helene blitt 14 år, og eg føler meg gammal. Kva gjer eg, og ikkje minst; kva gjer ho, om 10 år? Marianne er no bankers, då ho skal bli veterinær og dei studerer i 50 år, minst. Men Helene går jo berre i 8 klasse, (oh wow, igjen, I'm old), ho har heile livet føre seg. Ingenting er bestemt, ho har framleis årevis å bestemme seg på.

Eg unner alle å ha ei søster eller to, det er noko heilt, heilt spesielt.

Marianne og Helene, saman med Kappeline på hytta.

lørdag 10. mars 2012

Kindle

Eg (eller me, Tor og) har kjøpt oss Kindle! Endeleg, seier vel du. Men etter at Tor kjøpte Churchills 12 binds verk "Andre Verdenskrig" fra 1947 på loppis så har me ikkje lenger plass i bokhyllene til fleire bøker. Så no vart det lesebrett på oss! Gler meg som ein unge, er så mange bøker eg vil lese, men som eg ikkje gidd kjøpte frå utlandet. No kan dei kome til meg på eit blunk!

Kjøpte den heilt basic varianten, treng ikkje noko fancy. Så var det om du har tips til kva eg kan lese? Liker alt frå chicklit til historiske romanar. Ikkje så sjukt glad i krim, men mysterier og detektivhistoriar liker eg derimot veldig godt. Berre ikkje masse dreping og kidnapping og slikt fælt.

Hurra! :D

tirsdag 6. mars 2012

Hurra! :D

Hurra hurra, eg har vunne ein bloggekonkurranse! Ein heilt fantastisk konkurranse, eg har nemlig vunne ein handsydd kjole frå flinke flinke Ingrid Riddevold! Gjennom bloggen til Ina, som og er veldig flink!

Hurra!

Bilete frå bloggen til Ina

No vart det valgets kval om kva slags kjole eg skal ha! Farge, form, what? eeeh! :D

mandag 5. mars 2012

Academy Awards.

Det er ei veke sidan Oscarutdelinga var, men pytt sann! Her er mine favorittar frå den raude løparen.








Alle bileta er frå style.com