tirsdag 13. mars 2012

Om søstre

Eg har to søstre. Marianne kom til verden ei veke før eg vart 3 år. Ho var liten, raud og gjor ikkje mykje anna enn å ete, bæsje, sove og grine. Men etter kvart vaks ho til, og byrja krangle tilbake når eg bossa ho rundt. Likevel var ho alltid hunden når me leika mor, far og unge, og ho fekk alltid den dårligaste dissa (huska) når me leika ute. Sånn er det berre med litlesøstre, dei skal bossas litt rundt.

Det året eg vart 10 år og Marianne vart 7 kom Helene til verda. Ein familie treng jo alltids ein attpåklatt, særs når ein har ei storesøster i beste trillepikealder. Det er noko med pre-tenåringar og babytrilling, altså. Og no fekk Marianne sjangsen til å bosse litt rundt, ho og.

Eg er veldig, veldig glad i søstrene mine. Dei er to nydelege skapningar begge to, veldig ulike, men nydelige. Og no er Helene blitt 14 år, og eg føler meg gammal. Kva gjer eg, og ikkje minst; kva gjer ho, om 10 år? Marianne er no bankers, då ho skal bli veterinær og dei studerer i 50 år, minst. Men Helene går jo berre i 8 klasse, (oh wow, igjen, I'm old), ho har heile livet føre seg. Ingenting er bestemt, ho har framleis årevis å bestemme seg på.

Eg unner alle å ha ei søster eller to, det er noko heilt, heilt spesielt.

Marianne og Helene, saman med Kappeline på hytta.

1 kommentar:

Ine sa...

Koselig innlegg :)