torsdag 20. oktober 2011

How to die in Oregon

Eg såg to filmar på BIFF i går. Den fyrste var klassikeren Kon Tiki av Thor Heyerdal. Har ikkje sett den før, så det var kjekt. Den andre filmen var How to die in Oregon av Peter D. Richardson. Det er den mest rørande og sterke dokumentaren eg har sett i mitt liv.

I 1994 vart Death with Dignity Act valgt fram i delstaten Oregon i USA. Med den kan ein terminalt sjuk få medisinar til å ende sitt eige liv. For å få medisinane må to legar erklera at ein har mindre enn 6 månadar igjen å leve, og at ein er fysisk og psykisk tilstede til å ta medisinen sjølv. Filmen følger personar i forskjellige stadier i prosessen med å ta eller kjøpe medisinen. Den personen ein følger lengst er Cody. Ho har kreft i leveren, og me bryjar å følge ho etter at ho har kjøpt medisinen og heilt til siste slutt.

How to die in Oregon er så sterk at ein sit igjen med tusen inntrykk. Mi personlege meining om assistert "sjølvmord" er ikkje forandra etter å ha sett den, tvert imot. Men filmen viser ikkje berre den sida som er for lova, men og saker som viser motsatt side.

Eg anbefaler den virkelig, og håper at dei som kan får sett den. Den går kl 15.45 i dag og klokka 11.30 i morgon. Billettar er berre å få kjøpt i skranken på Bergen Kino, og er fjerna frå nettsidene til både BIFF og Bergen Kino, grunnar ein berre kan tenkje seg til sjølv.

Igjen, sjå den!

 Cody, ektemannen og legen hennar på det siste legebesøket. 

Bileta er frå filmen si Facebookside. 

1 kommentar:

line aurora sa...

hadde jeg bare vært i bergen, skulle jeg sannelig fått den med meg da den gikk! hørtes veldig interessant ut. kanskje den finnes et sted ute på nettet? jeg skal iallfall notere den ned i boka mi.