mandag 18. oktober 2010

Her har eg budd

Ei lita forteljing om alle adressene eg har budd på/i.

Tytebærholen 3B
Her bur eg framleis visst ein skal tru på Folkeregisteret, for dette er barndomsheimen min. Foreldra mine kjøpte huset ein gong i byrjinga av 80-talet, og dei bur der framleis, no uten dei to eldste døtrene sine. Når eg var mindre hadde me eit stort tre i hagen, sandkasse, leikehus, dissestativ (huskestativ for dykk som ikkje kjem frå sørvestlandet) og rutsjebane. Og stor nok grasplen til diverse ballspel. Det var ein fin adresse å vokse opp på, med masse leike- og springe-rom i nærleiken. No er alle jorda og steinrøyser gjort om til hus, der nye små Brynebuar veks opp. Det kvite huset vårt står ikkje nesten einsam blant jorda lenger, men er omringa av hus, hus over alt. Men det er berre fint, det viser jo berre at tida går framover.

To adresser i Ohio, USA (sorry, hugsar dei ikkje i det heile, og ingen av familiane eg budde hjå bur på sine respektive adresser lengre heller).
I USA i andre klasse på vidaregåande lærte eg mykje. Eg lærte at eg er sterk, og sjølv med motgang kan eg få til det eg vil (sjekk ut blogginga frå august 2005 til juni 2006 for å lese frå den tida eg var i USA). Eg vil anbefale å reise på utveksling til andre, men på ein annan måte enn det eg gjorde, då trur eg ein vil få eit betre opphald.

Damsgårdsveien 16
Eg flytta til Bergen. Det var skummelt og kjekt samtidig. Eg flytta inn i SiB sin studentbolig, og tykte eg hadde ein flott leilegheit og at studietida kom til å bli fantastisk. Og det blei den, og det er den. Dei venene eg fekk det fyrste halve året er framleis heilt utrulig gode vener, og eg elskar Bergen av heile mitt hjarte. Eg budde i Damsgårdsveien frå August 2007 til Mai/Juni 2008, for då flytta eg vidare.

Søndre Munkelivsgate 4
Denne adressa har mang ein student i Bergen hatt ein gong i studietida si. Inn- og utflyttingskulturen på denne staden var høg. Eg og Ingrid fant 6-manns leilegheita på internett og forelska oss i hagen og bygård-feelingen. Og så fann me fire andre som ville flytte inn med oss. Me kalla oss Jævla Folk, og eg tykkjer det var eit passande namn på oss. Du kan lese om dei eg budde saman med her (trykketrykke), og du bør byrje nedan ifrå, med Ingrid.  Oss, dei Jævla Folka, hadde det fint i lag. Men folk fekk kjærastar og slikt, og sakte men sikkert flytta alle ut. No veit eg ikkje kven som bur der, men studentar er dei nok.

Welhavensgate 39 
Den fyrste kjærastleilegheita. Den var liten, i ein mørk kjellar og muggfylt, men den var vår og den var billeg. Eg likte å ha vår leilegheit, sjølv om den var knøttas og eg mistenkte rotter i veggane. Den var byrjinga på noko, og byrjinga på noko fint. Noko som framleis er, berre oppgradert.

1591 High Street, Apt 2
USA, nok ein gong. Men denne gongen på eigne premiss, eg var min eigen sjef, myndig, student og vaska mine eigne kler. Eg har fått amerikanske besteveninner, som eg gler meg til å sjå igjen ein gong. Eg gjekk på eit fantastisk universitet, og kan stolt kalle meg ein Duck (og sånn ps, Oregon Ducks er no nummer 1 på lista over college football lag. Så det så). Eugene, Oregon, gav meg mykje dei seks månadane eg var der, og eg er glad eg reiste. Men eg er lukkeleg over å vere heime igjen.

Camilla Collettsgate 7
Her bur me no. På 27 kvadrat, men 27 fine kvadrat. Me har det me treng, og utanom eit vindauge som lekk litt kald luft utanfrå, så er den perfekt. Den er lys, fin og personleg. Og perfekt for små besøk, som når litlesyster Marianne var her i kveld for indisk middag og litt trash på fjernsynet. Eg vaknar opp saman med fuglane som (utruleg nok) framleis syng, og til øsane pøsane regn på vindauget.

I framtida
Eg veit ikkje kva framtida vil bringe. Kanskje blir me i Bergen for alltid, kanskje fer me langt vekk, og kanskje fer me heim ein stad me ikkje heilt veit kvar er, men som med ein gong kjennes som heime. Kven veit kvar fuglen flyg?   

Dagens katt er Kappeline, den 17 år gamle katten heime. 

2 kommentarer:

maiken sa...

koselig skriv!

Kathleen sa...

Du har bodd mange steder! Jeg har bare bodd på halvparten av dine. Hvis jeg skulle ha laget en sånn post som dette, hadde den med andre ord blitt litt kjedelig :P