søndag 31. oktober 2010

Fjernsynsseriar eg anbefaler

Hausten er for meg ei slags inne-tid. På hausten skal ein kose seg med te og kjærast/god ven, og noko underhaldande på fjernsynet. Eller ei god bok, sjølv om det for min del ikkje skjer, sidan hausten = pensum-tid når det gjeld bøker. Så difor vel eg fjernsynsseriar, og no vil eg dele nokon av mine haust-favorittar. (Og sånn PS, dette er seriar som ikkje går i Noreg, og visst dei gjer det, er det ein sesong for seint.)

Ok, så me startar med ein favoritt eg har hatt i fleire år. Nemleg 30 Rock. Ein av dei morosamaste seriane som går på TV, hands down, som dei seier over dammen. Tina Fey og Alec Baldwin, i same serie. Treng eg seie meir? I tillegg til Tracy Morgan (som heiter Tracy Jordan i serien, lol), som er tidenes karakter. 

Neste program er minst like morosamt som 30 Rock. Nemleg Community. Ein gjeng veldig forskjellige menneske, som alle av forskjellige grunner går på eit Community College ein stad i USA. Og eg ler og ler og ler kvar episode. Det beste av alt er at Chevy Chase er ein av desse studentane (dykk veit han som var i masse masse tøysefilmar på 70- og 80-talet?). Andre sesong har byrja no, sjå alt!

Så har me eit program som er litt meir alvorleg ein dei to førre, som er litt tøysette. Nemleg Boardwalk Empire. HBO sitt nyaste tillegg til familien, og ein heilt fantastisk serie. Frå 20-talets USA, nærare bestemt Atlantic City i New Jersey. Det er prohibition, alkohol er varte forbode, men det fører berre til ein gryande organisert kriminalitet med smugling og mafia. Nydelege kostymer, fantastiske skodespelarar med Steve Buscemi i hovudrolla, og så klart har Michael Scorsese ei hand med i spelet.

Den siste serien eg vil anbefale for hausten er Parenthood. Familie er sentral i denne serien, og den er både morosam, hjartevarm og trist samtidig. Litt irriterande og kanskje overdreven til tider, men skikkelig feelgood! Den treng ikkje for mykje tankegang, og er fin for å bare slappe av på - ja du gjetta det- hausten.

No seier eg ikkje at dykk må bruke heile hausten innendørs, men av og til er det fint å trekke føtene under seg i sofaen, slenge over eit pledd, koke ein kopp te (som eg no ser eg har gjort og latt stå att på kjøkenbenken, hurra) og sjå på litt godt, gammaldags fjernsyn (eller pc-skjerm, visst du ikkje har fjernsyn)!

3 kommentarer:

Kathleen sa...

Boardwalk Empire er fet. Men jeg tror ikke jeg følger helt med på handlingen, jeg er mer betatt av kostymene. Og Steve Buscemi, han er så kul!

line aurora sa...

OI. jeg har ikke sett en eneste episode av noen av de seriene! bare så dumt at jeg følger med på sånn fir-fem serier i uka, så det blir liksom ikke helt tid til mer, heller. kanskje jeg plukker ut en av de seriene du har nevnt så jeg kan se i jula :D

tinekatrine sa...

sv: har testet den ut litt, superfornøyd så langt. gleder meg til å teste juice-delen.