tirsdag 14. februar 2012

Samfunnsdebatt

Det er ikkje ofte eg tek opp ting som engasjerer meg ekstremt mykje. Men akkurat i dag og i går har eg engasjert meg meir enn vanleg i ein sak.

Du har garantert sveipa over det på TV. Den nye "trenden" med unge mødre i media, internett, you name it. "Unge Mødre", "Unge Mødre DK", mammablogger til folk på 16. Dei er over alt. Men i går kom eg over ein link til ein blogg som Halvor la ut på facebook. Bloggen var av ei 16 år gammal jente som er gravid for andre gong. Den fyrste gongen ho vart gravid var ho 12 år.

Mitt poeng med dette innlegger er IKKJE å henge ut denne jenta. Snarare ta ein kikk på samfunnet me lev i om det er tilfelle at ungar på 12 år har sex og vart gravide. At ho no er gravid som 16 er hennar sak, ho er ikkje lenger ulovleg å ha samleie med. Men 12 år?! Når eg var 12 var hovuddelen av kvardagen min om hest, venner, korps og å få sjå på TV så lenge eg kunne om kvelden. Eg visste knapt kva sex var, og det eg visste var frå TV med Trond-Viggo Torgersen, og eg var i grunn ikkje gamal nok til det heller.

Systera mi vart 14 år om ein månad. Hadde eg fått nyss i at ho hadde sex, i det heile tatt gjort noko av seksuell natur utenom den vanlege utforskinga, så hadde eg hatt ein alvorleg prat med ho. Og ho vart 14. Når ein er 12 år er ein eit born, ein går i 7 klasse, skal kanskje byrje på ungdomsskulen til hausten.

Det er noko gale med samfunnet når det vart "akseptert" at 12åringar har sex. Med jenta i bloggen (som no er sletta) var det mora hennar, altså bestemora til ungen, som fekk foreldreansvaret, og kid'en kaller bestemor for mamma. Enno godt, seier eg, men det er likevel gale at ein 12åring gjennomførte ein graviditet, at ho vart gravid i det heile!

Å kome med argument at det er hennar val, ein skal ikkje bry seg, osv, er beyond me. Det er så absolutt alle sin sak, det skal ikkje skje! Han ho fekk bornet med var over den seksuelle lavalder, og skulle strengt tatt ha vore fengsla.

Sorry om dette er touchy subject for nokon, det fekk eg i alle fall fullt inntrykk av på kommentarane til linken Halvor la ut (som og no er sletta). Å henge denne enkelte jenta ut er feil, og ikkje i det heile tatt det eg er ute etter. Men ho laga seg ein offentleg blogg, og då kom det fram at born føder born i dette landet!

Noko må skje. Eg vil nødigst at born i 10-13års alderen må ha seksualundervisning på skulen, men det må kanskje til? Kva trur dykk? Vil tidlegare seksualundervisning oppfordre til sex, slik argumentet til mange i USA er? Eller ville fungere prevantivt, eller oppretthalde status quo, men at dei då vil bruke prevansjon?

7 kommentarer:

Siri sa...

Jeg har diskutert seksualundervisning med andre, og tror muligens jeg har hatt litt mer omfattende seksualundervisning enn hva som er vanlig (på skolen, IKKE fra foreldre :P ). Jeg husker vitterlig at vi hadde omfattende undervisning om kropp og pubertet fra 5. klasse. Kanskje ikke om sex og prevensjon, men iallfall om hormoner, identitet og forandring og alt det der.
Og i alle årene fra 5. til 10. klasse hadde vi en eller annen form for seksualundervisning i KRL, norsk eller naturfag. Det kunne være alt fra gruppepress og grenser til det rent biologiske. Og prevensjon, ikke minst. Så jeg føler at jeg fikk veldig god innføring i skolen, noe jeg syns er utrolig bra. Jo mer man snakker om sånt, jo enklere blir det for hver enkelt å takle pubertet og identitetsforandring. Og såklart skal man opplyse i øst og vest om prevensjon, ingeting er viktigere enn det.

Lille frøken prosess sa...

Det første som slo meg var at hvor var foreldrene til denne jenta oppi det hele? Barn er i stor grad et resultat av foreldrenes oppdragelse (spesielt da grensesetting, trygghet og holdninger). En tolvåring kan neppe holdes ansvarlig for at hun har blitt gravid, for som du skriver så visste vi knapt hva sex var da vi var tolv, og i alle fall ingenting om konsekvensene (både på kort og lang sikt). Om ungen min blir gravid eller seriekriminell (det skjer jo dessverre det også) som 12-åring så ville jeg gått i meg selv i første omgang.

Siri sa...

Tror jeg leste noe sånt som at Tina hadde 9 søsken, så eplet faller vel ikke langt fra treet. :P

Mari sa...

Hmm, no har eg både ein veldig frigjort sjukepleiarmamma, og kjem frå ei særs lite religiøs bygd, men... Visste dere verkeleg knapt kva sex var, og konsekvensane av det, då dere var tolv? Eg trudde det var vanleg å informere om slikt tidlegare. Nettopp fordi nokre tolvåringar kan finne på å ha sex, og dei derfor bør vere informert om prevensjon og risikoar.

Ein må ha i tankane at det finst stor individuell forskjell på tolvåringar. For nokre er hest, korps, vennar og TV det viktigaste. Andre er meir interessert i å utforske "vaksenverda"; det vere seg å sosialisere med eldre ungdommar, eller meir alvorlege ting som alkohol og sex. Eg seier ikkje at det er riktig, og dei er definitivt for unge til å halde på med slikt, men det er viktig å ikkje avskrive alle tolvåringar som born. Eg følte meg ikkje som eit born då eg var tolv. Tolvåringar bør takast på alvor, og dei bør ikkje berre få høyre at "dette er du for ung til". Sjølv når dei er det. Nokre vil til og med ta eit slikt utsagn som ei utfordring. Openheit og dialog er kanskje ein klisjé, men for tolvårige jenter midt i puberteten er det veldig, veldig viktig. "Abstinence only"-undervisninga i USA er ein flopp, og viser kor utruleg viktig informasjon er.

Kva som foregår oppe i hovudet på unge menn som har sex med tolvåringar forstår eg verkeleg ikkje, og eg og stussar på at han som gjorde denne jenta gravid ikkje vart straffa for det.

Å spekulere i familieforhalda til denne jenta syns eg derimot ingenting om. Eg veit om jenter som debuterte seksuelt i 12-13-årsalderen, som har heilt normale familiar. Det var ingenting i vegen med grensesettinga der, jentene tok berre tenåringsopprøret litt for langt. Heldigvis vart ingen av dei gravide.

For nei, 12-13-åringar skal ikkje føde born. Det bør aldri aksepterast. Seksualundervisning for 10-13-åringar, derimot, ser eg ingenting i vegen med. Eg trudde, som Siri, at det uansett var vanleg.

Helene sa...

Enig, denne jenta skulle aldri hatt sex - og aldri fått bære fram barnet - i 12 års alder.
Jeg husker selv fra min egen oppvekst. Vi hadde sexualundervisning i 5.klasse i forbindelse med naturfagen. Men det var mere rent forplantninglære, mensen og slike greier. Og det var dødsflaut. Sex og kropp var det - flaut - pinlig. Ikke noe mer enn det.

Og jeg var fra Oslo.

Interessen for det seksuelle tror jeg ikke kom før i 14-årsalderen når det ble litt mer interessant med gutter og sånnt. Det var også sånn ca da vi var på besøk hos RFSU-klinikken i Oslo og lærte om prevansjon. Men da var vi vel egentlig selvlært fra internett, bortsett fra at vi fikk prøve oss på bananer og plastikkmodeller.

Men altså, i 10.klasse - da er det en god del som allerede har hatt sex. Og som burde fått opplæring.

Jeg setter også en strek bort til alkoholproblematikken - det er faktisk blitt vanlig å ha vært full minst en gang i 8.klasse. Og hvis man da tenker på kombinasjonen sex og alkohol så er det mange flagg som tilsier at opplæring, bevissthet, ansvar and so on - burde vært tatt opp i god tid.

Karin sa...

No kan det ha noko med at eg kjem frå ein del av bibelbeltet, men eg syns ærleg talt at det burde vere ein skil på kva ein lærer dei som går på mellomtrinnet, enn det ein lærer dei som går i 10 klasse på ungdomsskulen. Eg ville nok påstått når eg var 12 at eg var "vaksen", men 12åringar er framleis barn, det vil eg ikkje gi meg på. Dei er i eit mellomstadie, kanskje, men dei er barn. Å debutere seksuelt så tidleg er langt under gjennomsnittet (som no er 17 år for jenter), alt, alt for langt under gjennomsnittet. Det er faktisk ein grunn til at den seksuelle lavalderen er 16 år. Eg håper det ikkje vart ein "trend" at fleire og fleire 12åringar har sex, men sånt vart vel uunngåeleg no i den moderne alderen.

Det fyrste dei må lere er konsekvensen av å ha sex. Eg er einig i at absitence-opplegget til USA ikkje fungerer, det er tenåringsgraviditetsstatistikken deira eit bevis på. Og det er betre at dei beskytter seg enn å bli gravide, heilt sant.

Og jo, eg visste kva sex var, men ville aldri tenkt på å ha det som 12åring. Kanskje har det med kvar eg kjem frå, kanskje har det med kva eg lærte heime, men eg visste at sex var noko "vaksne" gjor. Og at tolvåringar har sex med andre tolvåringar er ein ting, men at dei har sex med "vaksne" tenåringar er ein anna. Det burde i alle fall setjast på agendaen.

Trille sa...

Et viktig innlegg, synes jeg. Så kan det være så touchy som det bare vil for de litt sarte.
12-åringer skal ikke ha sex og de skal i alle fall ikke få gjennomføre et svangerskap. 12-åringer føler seg kanskje voksen og vil gjøre voksne ting, men de er likevel barn.
Vi hadde en helt elendig seksualundervisning, men likevel var folk rundt meg veldig ansvarlig. Heldigvis.
Dessverre så ser jeg også "trenden" rundt det å få barn mens en er veldig ung, serier som "Unge mødre" nærmest glorifiserer det, og det synes jeg ingenting om!