torsdag 9. februar 2012

60 spørsmål (og svar)

Spørsmåla har eg lånt frå Mariell, som igjen har lånt dei av Sandra

1. Kor gamal er du om fem år?
Nesten 29 år. (wow)
2. Kven var du minst to timar rundt i dag?
Tor (når me søv) og dei på lesesalen
3. Kor lang er du?
163 cm
4. Kva var den forrige filmen du såg?
Julie & Julia, ELSKER den filmen. Såg den når eg var heime åleine på laurdag. 
5. Kven ringte du sist?
Tor, så klart
6. Kven ringte deg sist?
Marianne
7. Kva stod på den forrige sms’en du fekk?
“Ok, 19 sharp"
8. Føretrekk du å ringa eller senda sms?
Sms, stress å ringe
9. Er dine foreldre gifte eller skilte?
Dei har vore gifte i snart 28 år
10. Når såg du mamman din sist?
Åh, lenge sidan, den 28. desember. Men ser ho neste helg, hurra! 
sleepyhead

11. Kva farge har du på augene?
Mørke, mørke brune
12. Når våkna du i dag?
07.30
13. Kva er din favorittjulesang?
"Driving home for christmas" er den finaste syns eg. 
14. Kva er din favorittplass?
På hyttå med gode vener, vin og god mat. 
15. Kva plass likar du minst?
Flyplassar
16. Kvar trur du at du er om ti år?
Anar ikkje, kanskje bur me framleis i Bergen, kanskje har me flytta dit vinden tek oss
17. Kva skremte deg mest om natta som liten?
Smurfer. Hata dei då, hatar dei enno. Er noko med stemmane deira
18. Kva fekk deg til å le hardt seinast?
Bitre-Tor når eg vinn i spel
19. Kor stor er senga di?
160 cm brei
20. Har du stasjonær eller bærbar datamaskin?
Har ein kvit MacBook

I Heart Holland
21. Søv du med eller utan klede?
Søv med truse, gjeld det som klede?
22. Kor mange puter søv du med i senga?
Eg og Tor har to kvar
23. Kor mange land har du budd i?
To, Noreg og USA
24. Kvar har du budd?
Bryne, Ohio i USA, Bergen, Oregon i USA
25. Likar du sko, sokkar eller berrføtt?
Strømpebukser til vanleg, berrføtt på hyttå
26. Er du sosial?
Ja, forholdsvis. Av og til må eg ha litt tid for meg sjølv eller berre med Tor
27. Kva er din favorittis?
Pistasj!
28. Kva er din favorittdessert?
Sjokolademousse
29. Likar du kinamat?
Ja, men har det ikkje så ofte sidan Tor ikkje er så begeistra. Men elsker pretty much all kinamat utanom steikt ris. 
30. Likar du kaffe?
Liker det, men føretrekk te.



Kissing under the mistletoe, december 1940
31. Kva drikk du til frukost?
Vatn eller appelsinjuice
32. Søv du på nokon spesiell måte?
Som regel på magen eller på sida. Klarer ikkje liggje tett inntil Tor for eg vart så fort varm.
33. Kan du spela poker?
Haha, nei men eg later som
34. Likar du å kosa?
Ja, over gjennomsnittleg glad i kos
35. Er du eit avhengighetsmenneske?
Nei, ikkje eigentleg. 
36. Kjenner du nokon med samme bursdag som deg?
Ja, mi gode venninne Luna har akkurat same dagen som meg (22. juni 1988). I tillegg har me dei same tala i personnummeret våras, berre litt stokka om. 
37. Vil du ha born?
Ja, men ikkje enno
38. Kan du nokon andre språk enn norsk?
Engelsk, og så kan eg restaurant-spansk.
39. Har du nokon gong vore i ein ambulanse?
Nei
40. Føretrekk du havet eller eit basseng?
Basseng, for eg liker ikkje saltvatn. Det er så klissete


Clouds (AKA: It's A Girl!)


41. Kva brukar du helst pengar på?
Mat og opplevingar
42. Eig du dyre smykker?
Har eit armbånd som eg arva av oldemor, og så fekk eg øyredobbar i kvitt gull til 20 års dagen av foreldra mine. 
43. Kva er ditt favorittprogram på tv?
Åh, eg har så mange! 30 Rock, Community, Parks and Recreation, Sherlock, Bones, How I Met Your Mother og alle typar matlagingsprogram. 
44. Kan du rulla med tunga?
Jepp!
45. Kven er den morsommaste personen du kjenner?
Alle rundt meg er morosamme på sin eigen måte.
46. Søv du med kosedyr?
Nei
47. Kva har du som ringelyd?
Den automatiske på iPhone
48. Har du klesplagg frå du var liten?
Ja det trur eg.
49. Kva har du nærast deg no som er raudt?
Ei megasvær bok frå 1915 skreve av Paul Winge som heiter "Den norske sindssygeret 1-3"
50. Flørtar du mykje?
Ja, men mest med Tor


bunnnnnniiiiiieeeesssss!!!1!


51. Kan du bytta olje på bilen?
Ja, faktisk
52. Har du fått ei fartsbot nokon gong?
Nei, er flink.
53. Kva var den forrige boka du leste?
Urk, pensum. Akkurat no er det den Rettsmedisinske Kommisjon sine årsberetningar frå 1900 til 1909
54. Leser du avisa?
BT på skulen og jobb, Dagbladet i helgene. Og på nett. 
55. Abonnerer du på noko magasin?
Nei.
56. Dansar du i bilen?
Kanskje ikkje dansing, men syng ofte
57. Kva for radiostasjon høyrte du på seinast?
Studentradioen i Bergen.
58. Kva var det siste du skreiv ned på eit papir?
"Ukontrollerbar trang til å drikke/alkoholiker" - ein diagnose som heiter dipsomani, skreiv det i anledning masteroppgåva. 
59. Når var du i kyrkja sist?
Konfirmasjonen til søskenbarnet mitt i mai i fjor
60. Er du lykkelig?
Ja, men litt stressa og. 
Alle bileta er linka

1 kommentar:

maiken sa...

gotta love them lists