tirsdag 31. mai 2011

Muntleg

I dag har eg muntleg eksamen i faget "Dokumentasjon og Dokumentanalyse" (SNORK!). Temaet? Eg skal analysere kjelder om det New Zealanske rugbylandslaget, "All Blacks" sin bruk av den Maoriske dansen Haka. All Blacks danser Haka før avspark på kvar kamp, og mi oppgåve er å analyse kjeldene, pluss finne ut som det at All Blacks danser Haka er eit rituale (store delar av faget har gått ut på å finne ut om ting er eit ritual, som f.eks den Romerske Triumfen). Berre glad til at eg er ferdig kvart over to i dag.

Var som sagt heime i helga, og fekk sjå Kappeline igjen. Litt pels har vokst ut, men er a long way to go.

Frå denne vinkelen ser ho rektig så pelsette ut. Men som me alle veit fortel ikkje bilete heile sanninga. 

2 kommentarer:

Anonym sa...

Fin blogg

Anonym sa...

og fin katt. RASY