lørdag 14. mai 2011

Hatten

Jakob Sande / Dikt i samling / Storm frå vest 
HATTEN 

Den gong eg i Bergen tente,
 og smaug som ein tjuvkjend katt, 
då såg eg ein smellvakker jente 
som lo åt min gamle hatt.

 
Då vart eg so sår for bringa,
 og harmen i huga valt, 
men her lyt eg sinne mitt tvinga,
 og bite det i meg alt.
 

Eg kunne kje spenna og slå ho,
 og syna ho blankslipt stål, 
eg kunne kje bruka meg på ho, 
med skjellsord på bondemål.
 


Og sorgfull med hatten i handa 
eg ned i mot sjøen smatt. 
Der sat eg um kvelden på stranda
 og gret i min gamle hatt.

Jakob Sande ♥

Ingen kommentarer: