søndag 29. mai 2011

Jærdagane/Jærnåttå

Var heime i helga, mykje fordi det var Jærdagane/Jærnåttå. Her kjem nokre bilete.

Kaninbabyar på Bygdeungdomslaget sitt dyretelt. 

Grisar. Den fremderste dytta borti den bakerste heile tida, teite grisen.

Kyllingar!

Lam. Eller, kan dei kallast lam når dei er så store? 

Scottish highland cattle, FINASTE kua. Dette var babykua, mora stod ved sidan av. 

Dance with a stranger spelte fyrst på torgscenen under Jærnåttå. Folk dansa, men eg trur dei fleste venta på det neste bandet. 
Nemleg Kaizers Orchestra. Eitt ord om konserten; MAGISK! 

I tillegg fekk eg meg ei ny vekse og nye sumarsko (dei gamle fekk vere igjen i butikken), OG ein gullsmed i sentrum hadde "katta i sekken"-tilbud til 10 kr. Eg kjøpte 4 kattar, og fekk med meg to sølvringar og to par sølvøyredobbar. Eg trur dei er verdt meir enn 40 kroner til saman. Eg kan vise alt fram ein annan dag, no er eg trøytt. 

(Og PS; headaren og diverse bilete på bloggen manglar grunna problemer med standen dei er lagra. Will be fixed!)

Ingen kommentarer: