lørdag 14. mai 2011

Oj

Har det verkeleg gått så lenge sidan siste innlegg? Eg veit eigentleg kva grunnen er. Eg har mykje skule. Ei oppgåve som gir meg hovudverk berre eg tenker på den. (u)Heldigvis skal den leveras 18. mai klokka 13. Eg har litt, kanskje litt meir, igjen.

Men innimellom har eg hatt tid til loppemarknad, ein heil dag i Bergen sine finaste parkar (Muséhagen og Nygårdsparken) og å lage spontan gulerotkake og be litlesyster på besøk. På loppemarknad kjøpte eg ein diablo (sånn som var kult i 2000, og som alle hadde, og når eg ynsja meg ein fekk eg ein i tre og eg vart skuffa). Denne diabloen er i alle regnbogens fargar og har tilhøyrt ein som heiter Markus. Og så kjøpte eg eit par vinraude sko med sløyfe på, og eit handy sysett med nåler, og knappar og tråd i masse fargar.

I parken var eg med verdas finaste chilenar, nemleg Luna. Lesing av pensum er så mykje kjekkare i sola, på eit lilla teppe eg kjøpte av ein hippie i USA, mens ein et vatnmelom og druer.

No sit eg heime og ser Eurovision. Har sett Finland og Bosina og Herzegovina til no. Gjeeeeesp på begge to. Tor er i Oslo, og det er kanskje like greit, han er ikkje så glad i Grand Prix. No skal Danmark synge, dommen er til  no "meh".

I morgon skal eg skrive meir. Bli sånn nesten ferdig, sende utkast til veiledar og vente på svar på måndag.

Ha ein nydeleg laurdagskveld, om du er ute eller inne, åleine eller med vener, påkledd eller avkledd. Ha det fint!

Til slutt, ein katt som vaskar seg.

1 kommentar:

Maiken sa...

supersøt. lykke til med innspurten av oppgaven din :)