mandag 16. mai 2011

Div.

Eg fekk med iPhone i fjor haust, men har eigentleg ikkje brukt den til så mykje anna enn ringing, meldingar og å sjekke facebook og nettaviser. Men no vil eg byrje å ta fleire bilete, eg har tross alt hipster-appen Hipstamatic!

Så her har du litt ymse frå dei siste månadane.


Eg fekk tulipanar til Valentines Day av Tor. 

Karneval på Hulen, gjett kem Luna gjekk som?

Tor er søt når han søv

Tor rakna buksa si på ein spiker på skulen. Eg sendte bilete til mamma for å høyre om det kunne fiksas. Det kunne det. 

Påskekaffi

Påsketur med båten til mormor og morfar. Helene i vinden. 

Katten var hjå dyrlegen og opererte foten sin. Dyrlegen syntes pelsen var så tova (Kappeline vart 18 år 18 mai, så ho klarer ikkje vaske seg så bra som før) at ho spurde om ho kunne klippe bort litt. "Litt" er vel det rette ordet, då all pelsen på begge sider av katten forsvann, ho har berre ei stripe med pels over ryggraden. Derfor kjøpte me genser til ho. Den er eigentleg berekna til ein liten hund, but who cares?

Luna i parken. "Sjå pao skille mitt!!"-var det me høyrte etter dette. No kan det kanskje virke som om eg ikkje har andre vener enn Luna, men det har eg altså, dei er berre ikkje like fotogene. 

4 kommentarer:

Ine sa...

Så koselig med litt personlige bilder! Elsker bildet av Kappeline <3

Maiken sa...

Hahahaha, lo godt av hundegenseren. Med kjøttbein på. Helt fantastisk.

Lille frøken prosess sa...

Så koselig bilder :) Moro å se litt av livet deres i Bergen!

line aurora sa...

haha buksa! og kjøttbeinkatten :D ja takk til flere iphoneinnlegg!