torsdag 22. juli 2010

Frå no av

Eg skal prøve meg på noko eg ikkje har gjort sidan vidaregåande. Eg skal skrive på nynorsk. Ein kan vel trygt seie at mitt forhald til nynorsk har vore turbulent, men eg har i den siste tida fått sansen for dette, faktisk, nydelege skriftspråket. Så vær snille og ikkje korsfest meg på grunn av diverse skrivefeil som kjem opp, eg øver meg.

Sant skal seiast at blogging har varte nedprioritert sidan eg kom heim frå USA. Eg jobbar stort sett kvar dag, og når eg då kjem heim er eg så trøytt i hovudet at eg berre vil lese og slappa av. Men i dag hadde eg 9 til 17 vakta, og då følar eg at ein får meir ut av dagen.

I morgon begyn ei helg med kos og sommar, venninner, bading, eting og drikking. Eg og min "harde kjerne" skal ta ein tur til hyttå til familien min. Den ligg i Sokndal kommune, mellom, for dei lokalkjende, Jøssingfjorden og Åna Sira. Ei nydeleg lita perle, og som eg er vaksen opp med. Me håpar på sol og sommarver, slik at helga blir optimal!

Eg sett utruleg mykje pris på alle kommentarar eg får, til og med no når eg har vore så dårleg på å oppdatera! Eg lovar å bli betre :)

Til slutt vil eg dela denne songen med dykk!



Michael Franti - Everyone deserves music

Eg vel å ikkje ta vekk sjølve videoen, då eg tykkjer den er ganske så fin!

God sommar! :D

3 kommentarer:

Helene sa...

så fint at du skal skrive på nynorsk! :) jeg synes det er veldig fint selv, og synes det er fryktelig kjedelig sånn estetisk sett at jeg er fra østlandet og ikke har noe "særegent" med språket :P :)

Silje Silje sa...

Jeg liker nynorsk jeg.

Warunee sa...

Nynorsk er vakkert! Syns du skal fortsette med det :)