torsdag 29. juli 2010

Ei lita oppdatering om kvardagen

Livet er for tida ganske trasig. Jobbar så og sei kvar dag, og når eg er heime frå jobb vil eg ikkje anna enn å slappa av med ei bok. No har eg lese heile Sookie Stackhouse-serien, og ventar på bok 11. Likar du fjernsynsserien, vil du ELSKE bøkene. Hvis nokon vil diskutere dei med meg er det bare å rope ut. Team Eric, hehe ;)

Ellers kan det nevnast at eg i går, 28. juli, blei "tante" til ein nydeleg liten gut! Eg gratulerar Erik og Veronica med den litle prinsen, og eg gler meg mykje til å se han og bli kjend med han! Eg og Tor stiller gladleg opp som barnevakt når det trengs!

I dag søkte eg på ny jobb i Bergen, og kryssar fingrane for at eg i alle fall blir ringt inn for eit intervju. Å bu som student i Bergen er dyre greier, og ein deltidsjobb kjem godt med.

Neste sundag fer eg, Tor og litlesyster Marianne opp til Bergen. Ho skal gå årsstudium i naturfag, og eg gler meg til å ha ho i samme by. Ho skal bu hos oss fram til ho finn seg eit rede for seg sjølv. (Og PS, me har bil til rådigheit, så om du treng flyttehjelp eller ein IKEA-tur er me ikkje vonde om å be).

Då trur eg at eg har fått letta på hjartet nok for i dag. No skal eg nyte resten av fridagen min!

Hihi, pusekatt!

7 kommentarer:

Ine sa...

Finaste pusekatten! Ke slags jobb he du søkt? Korti får eg bøgene mine tebage?

Mari sa...

Bra det ikkje berre er eg som vert heilt utslått av sommerjobbing. ;) No vart eg for øvrig minna på at eg må laste ned True Blood, så takk for det! Har meint å gjere det i heile sommar.

Sv: Så du er den Karin! Ha, liten verden. Jo, eg kjenner Tor. Eg var faktisk på fest i den nye leilegheita dykkar på laurdag. (Den er meget fin!) Vi var alle særs nøgd med søstera di sitt studieval. ;)

Lykke til med jobbsøking, og gratulerer som "tante"!

Warunee sa...

Helt enig, Team Eric :) :) All the way!

Jeg skal krysse fingrene for deg, håper du får den jobben du vil ha veldig snart! :)

line aurora sa...

hihi jeg googla på sookie, men da jeg fant ut at det er vampyropplegg fant jeg også ut at det ikke er helt greia mi. uansett hvor bra sånt kanskje er så klarer jeg aldri å få meg til å lese og se på det. bare la den rette komme inn :b og den vesle vampyren, i sin tid, han var jo veldig søt.

så utrolig bra skrevet det forrige innlegget er, forresten. selv om jeg ikke helt skjønte hva den siste tingen var. neste gang kunne du kanskje gitt bort den klemmen, tenk så flott det hadde vært! som i ei fin lita bok.

SV: ja, ufattelig teit. men det er vel heller posten som har vært kjipe mot meg. somlepaver!

så fint det hadde vært om du kunne vært vennen min, hihi.

Milla sa...

næmmen så søøøøt!

maiken sa...

du har så fine innlegg. nynorsken din e óg fine. :) krysse for ny jobb!

Kathleen sa...

Søøøt kattepus!