torsdag 29. juli 2010

I går

I går gret eg på jobb. Ikkje fordi nokon var stygge mot meg, truga meg eller slike ting (dog, det skjer av og til), men fordi eg er eit menneske. Er er eit medmenneske, som når eg ser verkeleg tru og ekta sorg får ei bølge av medkjensle over meg. Mannen i går tenkjer eg at har tenkt ei stund på det han ei gong måtte gjere. Og tysdags morgon med få andre kundar i butikken var vel ein god nok dag til slik. Eg merka ikkje noko før eg såg kva som stod på rekninga han skulle betala, og kva han skulle betala det med.

Eg trur ikkje han er ein mann som gret ofre. Men eg trur han elska ho so høgt, at å gjere denne siste, heilt heilt siste, tingen for ho var for mykje. Sorga tok over kroppen hans. Eg klarte å halde meg, skjølv om alt eg ville gjere var å gje han ein klem, og seie "det går bra etter kvart. Med tid". Men eg veit jo ikkje om det går bra. Og eg håpar at eg slepp å gjere noko slikt i det heile, sjølv om det er veldeg egoistisk og teit å ynskje seg noko slikt.

Då han gjekk ut døra sprang eg inn på badet. Medmennesket i meg tok over, og eg gret for han, og for ho han mista som han saknar så inderleg.

Hvis eg ser han igjen, skal eg smila, og seie med augo mine at "eg tenkjer på deg".

Tumblr_l38tafif7p1qc7ztso1_500_large

2 kommentarer:

Helene sa...

wow... for en opplevelse... og så trist! jeg skjønner godt du gråt...

Mari sa...

Du er sterk som klarte å halde tilbake tårene til han hadde gått. Huff, så trist!