lørdag 10. mars 2012

Kindle

Eg (eller me, Tor og) har kjøpt oss Kindle! Endeleg, seier vel du. Men etter at Tor kjøpte Churchills 12 binds verk "Andre Verdenskrig" fra 1947 på loppis så har me ikkje lenger plass i bokhyllene til fleire bøker. Så no vart det lesebrett på oss! Gler meg som ein unge, er så mange bøker eg vil lese, men som eg ikkje gidd kjøpte frå utlandet. No kan dei kome til meg på eit blunk!

Kjøpte den heilt basic varianten, treng ikkje noko fancy. Så var det om du har tips til kva eg kan lese? Liker alt frå chicklit til historiske romanar. Ikkje så sjukt glad i krim, men mysterier og detektivhistoriar liker eg derimot veldig godt. Berre ikkje masse dreping og kidnapping og slikt fælt.

Hurra! :D

2 kommentarer:

Helene sa...

hurra! grattis med lesebrettet! ;) slit'an!

Mari sa...

Kindle er fantastisk! Eg fekk min til jul, etter å ha vore kjempemisunneleg på pappa sin i eit halvt år (han er også heilt frelst). Eg les ein del store fantasybøker, og då er det så mykje meir behageleg å holde på den lette Kindlen enn den tunge boka.

Eg trur du kan laste ned nokre gamle klassikarar gratis på Kindle. Men Kindlebøker er uansett kjempebillige, typ 55 kr. Når du koplar kredittkortet opp mot Amazonkontoen din kjøper du bøker med eit tastetrykk, superenkelt men også litt farleg. ;)

Anbefalar elles å kjøpe cover til den, om dere ikkje har gjort det.

I konklusjon: Kindle <3