torsdag 7. april 2011

Akkurat no skal eg skrive oppgåve om kjeldene og problemstillingane som eg ser føre meg at eg vil ha i masteroppgåva mi. Altså ei oppgåve om oppgåva. Interessant er det heilt klart, men hovudet mitt er på ein heilt annan stad enn på lesesalen. Eg får mail frå KLM om at ein får tur/retur billett til San Francisco for 5500 kr, og eg vil så gjerne berre booke to billettar og setje meg på flyet. Men det går jo ikkje.

Snart er det påske, og då skal eg heimover mot flate Jæren. Og så skal me på hytta, for det gjer me kvar påske. Ein gong me kom til hytta i påskeferien hadde ein musekoloni hatt party der, og dei hadde ete opp alle madrassane og sofaputene. Det håpar eg ikkje skjer denne gongen.

Sist eg var på hytta var i sumar. Då var me heile jentegjengen (minus Cecilie) i tre dagar. Og det var så fint! Sol, bading, lesing, snakking, mat og drikke, ei fantastisk helg! Håpar me kan få det til i år og, og at Cecilie er med denne gongen!

Litt mimring (bileta er lånt av Ragnhild og Helena)





Fine, fine jentene mine!

2 kommentarer:

Synne sa...

Så stemningsfulle bilder! Nå har våren tatt ordentlig tak her i Oslo, så nå kjennes ikke sommeren så langt borte, hoho. God helg og god påske når den tid kommer!

Cecilie sa...

<3