torsdag 13. september 2012

Sånn går no dagan

Livet som masterstudent nærmer seg (raskt) slutten, og panikken tek meg av og til. Det er litt over to månadar til innlevering no, og sjølv om eg har nogelunde kontroll, så kjenner eg av og til at det knyt seg i magen. MEN, eg skal klare det, eg skal bli ferdig.

Eg har fått ny lesesalsplass, som er megadigg. 3 etasje på Sydneshaugen Skole, kor eg sikra meg ein vindusplass. Nice.

Kveldane vart brukt til middagslaging, lesing og seriesjåing. Eg har nesten kome meg inn i ein rutine med å stå opp tidleg, symje, og så gå på skulen. Den må berre finjusterast liiiitt meir, så har eg den.

Kvardagen kjem og går, og snart blir ikkje helgene fritid heller, snart kjem eg nærmast til å bu på lesesalen (og eg blir ikkje åleine). Bloggen vil frå no av vere mitt fristed. I staden for å ta ein facebook-pause vil eg prøve å ta blogge-pause. Blir ikkje det fint?

Men no må eg tilbake til å skrive om rettspsykiatri og primærssakkunnige!

Untitled
Untitled

1 kommentar:

Mari sa...

Lukke til med siste innspurt! Det går nok fint.

Eit lite nynorsktips: "vart" er preteritum av "bli" - altså same tyding som "blei". Det nest siste avsnittet ditt var litt vanskeleg å forstå med ein gong. :)