onsdag 29. desember 2010

Hurrafin

Eg vann ein bloggekonkurranse! Hurra! Nemleg Line Aurora sin leppestift-konkurranse! Og då vart eg glad-glad-glad!

Og så ville eg blogge litt til i dag, og då fann eg denne "fyll-inn-ditt-svar"-greia hjå Mariell Hjartesmil, så eg lånte den!

Første kjærleik?
Det trur eg var, og er, kattar. Dei er så fine.

Favorittspråk?
Som eg kan snakke sjølv; engelsk. Generelt; fransk.

Favorittfigur/person fra litteraturverda?
Sookie Stackhouse
 

Favorittrom?
Kjøkenet, eller eit svalt soverom på ein sumardag, der sola skin inn gjennom persienna.

Favorittplass å lesa bøker?
Ute, i ein park, ved sidan av kjærast.

Favorittplass i Bergen?
Muséparken, heime, Café Spesial.

Favorittfarge?
Turkis.

Favorittmaler/maleri?
Renoir og Munch.

Favoritting å samla på?
Staffordshire Potteries koppar og kjøken-bollar.

Favorittblome?
Peonar.

Favorittlukt?
Sumarregn, parfymen til kjærast, kattepels.

Om du skulle få ein medalje for akkurat no, kva skulle den vera for?
For å vere snill.

Favorittekstur?
Sidene i gamle bøker, og Dronning Maud-fromasj.

Favorittsmak?
Kvitlauk, ruccola og mørk sjokolade.

Den første tingen du tenkjer på når eg seier "raud"?
Kjærleik.

Natt eller dag?
Dag.

Favorittskurk?
Gru i Despicable Me.


Favorittkunstnar?
Pappa.

Telt eller motell?
Motell, telt er for vått og kaldt. Men må ein så må ein.

Favorittinstrument?
Euphonium, det finst ikkje finare lyd.

Torden eller lyn?
Torden, men likar lyn òg.

Te eller kaffe?
Båe to.

Vin eller øl?
Det kjem an på. Vin til mat, øl til fest.

Sitron eller lime?
Sitron.

Mandag eller fredag?
Fredag.

Februar eller desember?
Desember.

Hattar eller skjerf?
Skjerf

Regn eller sol?
Sol. Etter 3,5 år i Bergen vert regn litt "old news".

Spiderman eller supermann?
Supermann, sjølv om begge er teite.

Kattar eller hundar?
KATTAR!

Is eller sorbet?
Sorbet.

Favorittkarusell?
Berg-og-dalbane.

Kva er initialane til personen du sist kyssa?
TOT (hihi)

Kva karaktertrekk misunnar du ofte hos andre?
Kreativitet og emna til å halde hovudet kaldt.

Om du kunne fly, kvar skulle du fly først?
Til Eugene, Oregon.

Har du nokon gong vunne ein medalje eller pris?
Har mange medaljar frå tida mi i korps, riding (helst sløyfer her, då) og handball.

Kva er din hemmelige draum?
Å bli gamal utan å vere sjuk. 



Favorittårstid?
Vår.

Kva er din største kjærleik?
Livet.

Favorittvaluta?
Dollar, for dei har så mange forskjellige.

Favorittplanet?
Tellus

Favorittgodteri?
Sjokolade og vingummi.

Favorittnavn som ikkje er ditt eige?
Eg ville heite Jeanette når eg var lita, men no tenkjer eg mykje på Olivia.

Favorittskapning fra havet?
Blekksprutar.

Favorittby?
Bergen.

Fly eller bil?
Fly fordi det er raskast, men ein biltur er ofte kjekkare. 

Sånn, der var det gjort! 

1 kommentar:

oda celine sa...

ps. jeg finner ikke feed-adressen din. ikke til bloglovin, men bare hva adressen til feeden er.