onsdag 29. desember 2010

Bølgje

 Blogglysten kom med eitt som ei flodbølgje over meg. Anar ikkje kva eg vil få fram, men var innom og bloggen såg litt stusslig ut. Eg har vore dårleg, and I know it. Men desember var full av jobbing og sjukdom grunna jobbing (på barneskule, og det var ikkje immunforsvaret mitt vand til). Og så jobba eg heller på Vinmonopolet fram til litle julaftan. Så det var jo greit nok det, reisekapital til turen neste veke. For då skal eg og Tor til Budapest! Eg gler meg!

Fyrste reisa i 2011. I fjor på denne tida var eg i eit framand land på andre sida av verda, i ein framand by utan å kjenne nokon. Eg fekk vete med meg sjølv at eg er sterkare enn eg trur, men at og super-Karin må ta ein pause av og til. Men eg fekk mange nye vener i 2010, og eg er evig takknemleg for Liz, my rock, i USA. Eg håpar det ikkje vart lenge til eg ser ho igjen!


Ho er så fin, og eg saknar ho! Til jul sendte ho meg alle tinga eg gløymde i USA, og ei bok med bilete av ymse julenissar (ymse her brukt som ein negativ beskriving).

Me (les:eg) har bestemt at ho skal kome til Noreg i løpet av 2011, visst ikkje eg og Tor klarar å ta turen til Oregon hausten 2011.

Så var det nyttårsforsetta for 2011. Eg hadde ingen i år, for eg hadde alt for mykje å tenke på. Men dei for 2009 klarte eg å gjennomføre så må vere like god i 2011.
Here we go:
♥ Trene! Symje minst to gonger i veka, og gjennomføre 12-ukers programmet til Löplabbet.
♥ Lese meir skjønnlitteratur. Det eg las i år var alle bøkene til Charlene Harris om Sookie og hennar vampyr-eventyr, men eg veit ikkje om det klassifiserast som skjønnlitteratur. Eg fekk masse nye bøker i 2010 som MÅ lesast i løpet av 2011.
♥ Vere flink på skulen. Lesesalen minst tre gonger i veka (som jo høyrer til, sidan det er så mange dagar ein er nøydd til å vere der for å ha lesesalsplass) og ALLE forelesningar.
♥ Sjå mindre TV. Det er alt for lett å berre skru på boksen når ein kjem heim frå skulen.
♥ Lese avisa om morgonen.  Er abonnent på Bergens Tidene, og burde lese avisa til frukosten. Før eg reiste heim til jul las eg to veker verdt av BT på ein kveld, og det skal ikkje skje igjen. Må forresten vere tidleg ute for å i det heile tatt få avisa, har ein nabo eller noko som liker gratis aviser.
♥ Sist, men IKKJE minst; fleire stemnemøte med Tor. Treng ikkje vere dyr middag ute, berre ein gåtur i nabolaget, men litt i alle fall!

Eg håpar det ikkje vart for overveldande for meg, men eg trur eg skal få det til.

Dagens (jule)-katt!
156797_140131316041698_114993741888789_176059_7692302_n_large

2 kommentarer:

Helene sa...

Budapest. Kjenner jeg er litt misunnelig!!! :) Dere har å kose dere ihvertfall! :)
Og gode nyttårsforsett. De ligner mye på de jeg har lyst å gjennomføre!

line aurora sa...

kjekke forsett! selv om trene-mer-forsettet bestandig blir supervanskelig å faktisk følge, haha. har som forsett å trene minst en gang i uka jeg da. det skal nok gå helt fint (kanskje). og enig med deg i at kjærester må date hverandre litt oftere!

og du, du vant konkurransen min :D :D så nå må du sende meg adressa di!