mandag 30. august 2010

Lydar

Det finnest mange lydar i verda. Dei vondaste eg veit om og kjenner til er:


Vonde lydar:
  • Lyden Bybana lagar når dørene lukkast. Særs når dei ikkje lar dørene stå opne ved Bypark-stoppet, men lar dørene gå nesten att, for så å kome med ny pipelyd (ikkje like vond) når dørene opnast. Gjentatt kvar gong nokon går inn på bana. 
  • Hylgrining. Ikkje godt for noko. Særs når folk lar ungane hylgrina "fordi dei må læra seg å ikkje få viljen sin". Djis, ungen skrik som om den held på å døy, gje den oppmerksomheit, du er i offentligheita! 
  • Smatting. Du er vaksen. Ler deg å ete med munnen igjen. End. Of. Story. 
  • Hånleg latter. Latter kjem på lista over fine lydar, men hånleg latter er noko av det vondaste eg høyrer. Slemt og unødvendig. 
  • Kohlsmaskin-lyden. Litt som Darth Vader, berre ikkje underhaldande i det heile.
    Fine lydar:
    • Kattar som malar. Er nesten ikkje finare lyd i verda, det er så sinnsjukt koseleg å høyre på at ein katt malar. Særs i sola på ein sumardag, ute i hagen mens ein les ei bok og et jordbær. Og så ligg katten ved sida av og halvsøv i sola mens den malar som ein liten maskin. 
    • Latter. Ekte, gledesfylt latter. Enten det er vaksne eller ungar som ler, berre det er ekte gledeslatter. Eller visst ein blir kitla av nokon ein likar ekstra godt. For eksempel kjærasten sin. Då ler ein litt fordi det kitlar og ein ikkje klarar lat vere, men og litt fordi det kitlar innvendig når kjærasten tek på deg. 
    • Fuglesong. Ganske fint å vakne til. 
    • Når vinden bles i trea. Enten det er på sumaren eller på hausten, det er fint uansett.
    • Stemma til Peter O'Toole. Sjekk ut andre sesong av Tudors, så veit du kva eg meiner. Han speler paven, og eg lukk att augo når han pratar. 

    Ymse bilete frå Google.

    Har du nokon vonde/fine lydar du veit om? 

    7 kommentarer:

    Lille frøken prosess sa...

    Vonde:
    Borring i murvegg i et naborom. Enda værre hvis det skjer i flere naborom samtidig....stereoborring

    Gneldrebikkjer.

    Skjærer som skvatrer.

    Stemmen til Siv Jensen.

    Gode:
    Melodien og lydene i nettspillet "These Little Pigs."

    Kogg på vannet om sommeren.

    Bålspraking.

    Helene sa...

    Ååh.. jeg hater bybanedørene selv!! De kan godt lage lyd når de lukkes, men helst ikke høyfrekvente lyder, og helst ikke HVER gang noen trykker på de :P

    Den verste lyden jeg ved er iskald snø som knirker... :P Mens den beste er hjertedunk når man ligger på brystkassen til kjæresten :D

    SV: Ja, det kan godt ha vært meg! Var der på lørdag med to venninner... :) Du får hilse på neste gang da vet du :) Jeg er ferdig utdannet til våren! :S (Hjelp!)

    Mari sa...

    Bybanedørene er HEILT grusomme. Ein gong eg skulle ta banen var det nokon som stod i døra, så den berre heldt fram med å hyyyle kjempelenge. Grøss.

    Ein annan grusom lyd er boring og hamring i betong. Dette har dei drive på med rett under lesesalen på Realfagsbygget i snart eit år. Øydelegg all konsentrasjon.

    Fine lydar er fossefall, piano, barnelatter, bølgjeskvulp og stemmene til Win Butler (Arcade Fire) og Matthew Bellamy (Muse). :)

    Anonym sa...

    Lige listebe du lage :) Finaste stemmen eg vett e Odd Børretzen sin ^^

    gla i'ræ!

    H <3

    Warunee sa...

    Åh så fint innlegg!

    Beste lyden er latter. Høy latter :)

    ELISABETH ALMIGHTY sa...

    Likte de fine lydene dine!
    Jeg sliter litt med en bråkete nabo for tiden, så akkurat nå skulle jeg ønske meg litt stillhet, og den verste lyden er bass. Når du hører bare bass... ; p

    Algoria sa...

    Eg elskar lyden av korntørka på seinsommaren, når far trøskar korn. Altså når kornet har komme på låven og skal tørkast. Og suselyden av kornet som renn ned i sjakta og inn i røra.
    -Algoria <3