onsdag 22. februar 2012

Veska

Eg ELSKER "i veska mi"-innlegg, så då tenkte eg at eg burde vere like god! Så her har dykk innhaldet i veska mi!


1. Moleskin notatbok. Her samlar eg alle tankar og notat eg måtte ha, men må innrømme at det meste som står i den er om masteroppgåva.
2. Vekesplanleggar frå Moleskin. Akkurat passe stor for meg.
3. Nasespray. Nødvendighet på lesesalen.
4. Tampongar, verdas beste oppfinning.
5. Adgangskort til jobb
6. iPhone, elskar den.
7. Tre forskjellige pennar.
8. Lommebok frå Accessorize, veldig praktisk, akkurat perfekt storleik
9. Kleenex som eg fekk frå nokon som delte dei ut gratis på Torgalmenningen
10. Refleks-greie som går rundt armen
11. Lite speil med hjort på
12. Nøklar og nettbank-greie
13. Paracet, veldig handy å ha tilgjengelig
14. Lebestift frå IsaDora, trur den heiter Nude Glow
15. Lebestift frå Mac, Ruby Woo
16. Leppepenn frå Mac
17. To hårnåler, ein med diamant og ein med ei papegøye på
18. Hårstrikk med fugl på
19. Veske frå Marc by Marc Jacobs
(20). Gløymde å nummerere denne, men er ein handkrem frå Aco.

fredag 17. februar 2012

Kvardagsmagi

Kvardagen kan av og til følast tung, mørk og repeterande. Som om du gjer det same om og om igjen - sove, ete, skule/jobb, ete, skule/jobb, handle mat, lage mat, ete, sove. Men om du tenkjer deg om finst det kanskje små lyspunkt som gjer dagen din hakket betre. Den kjekke ekspeditøren på Rimi som spør om du vil ha påse med eit blunk i auget? Eller den spraglete katten som gnir seg inntil foten din mens du kikker i postkassa etter ein lang dag?

Kva med kysset frå kjærasten rett etter at du vakna, eller at han stryk deg over kinner for å vekke deg? Av og til kan noko så enkelt som ein bukett tulipanar gjere dagen min tusen gonger betre. Berre det å sitje i sofakroken i matpausen etter ei intensiv skriveøkt gjer meg lettare til sinns, for der kan eg gløyme rettspsykiatriske erklæringar i ein halvtime. Når eg kjem heim og Tor har tatt ut av oppvaskemaskinen, eller eg har fått kort frå fine venninner i posten.

Kvardagsmagien er over alt, ein må berre la dei finne deg.

Geraldine, Calico Cat
Bilete er som alltid linka

tirsdag 14. februar 2012

Samfunnsdebatt

Det er ikkje ofte eg tek opp ting som engasjerer meg ekstremt mykje. Men akkurat i dag og i går har eg engasjert meg meir enn vanleg i ein sak.

Du har garantert sveipa over det på TV. Den nye "trenden" med unge mødre i media, internett, you name it. "Unge Mødre", "Unge Mødre DK", mammablogger til folk på 16. Dei er over alt. Men i går kom eg over ein link til ein blogg som Halvor la ut på facebook. Bloggen var av ei 16 år gammal jente som er gravid for andre gong. Den fyrste gongen ho vart gravid var ho 12 år.

Mitt poeng med dette innlegger er IKKJE å henge ut denne jenta. Snarare ta ein kikk på samfunnet me lev i om det er tilfelle at ungar på 12 år har sex og vart gravide. At ho no er gravid som 16 er hennar sak, ho er ikkje lenger ulovleg å ha samleie med. Men 12 år?! Når eg var 12 var hovuddelen av kvardagen min om hest, venner, korps og å få sjå på TV så lenge eg kunne om kvelden. Eg visste knapt kva sex var, og det eg visste var frå TV med Trond-Viggo Torgersen, og eg var i grunn ikkje gamal nok til det heller.

Systera mi vart 14 år om ein månad. Hadde eg fått nyss i at ho hadde sex, i det heile tatt gjort noko av seksuell natur utenom den vanlege utforskinga, så hadde eg hatt ein alvorleg prat med ho. Og ho vart 14. Når ein er 12 år er ein eit born, ein går i 7 klasse, skal kanskje byrje på ungdomsskulen til hausten.

Det er noko gale med samfunnet når det vart "akseptert" at 12åringar har sex. Med jenta i bloggen (som no er sletta) var det mora hennar, altså bestemora til ungen, som fekk foreldreansvaret, og kid'en kaller bestemor for mamma. Enno godt, seier eg, men det er likevel gale at ein 12åring gjennomførte ein graviditet, at ho vart gravid i det heile!

Å kome med argument at det er hennar val, ein skal ikkje bry seg, osv, er beyond me. Det er så absolutt alle sin sak, det skal ikkje skje! Han ho fekk bornet med var over den seksuelle lavalder, og skulle strengt tatt ha vore fengsla.

Sorry om dette er touchy subject for nokon, det fekk eg i alle fall fullt inntrykk av på kommentarane til linken Halvor la ut (som og no er sletta). Å henge denne enkelte jenta ut er feil, og ikkje i det heile tatt det eg er ute etter. Men ho laga seg ein offentleg blogg, og då kom det fram at born føder born i dette landet!

Noko må skje. Eg vil nødigst at born i 10-13års alderen må ha seksualundervisning på skulen, men det må kanskje til? Kva trur dykk? Vil tidlegare seksualundervisning oppfordre til sex, slik argumentet til mange i USA er? Eller ville fungere prevantivt, eller oppretthalde status quo, men at dei då vil bruke prevansjon?

mandag 13. februar 2012

Ting eg gler meg til

Eg har så mykje å glede meg til!

♥ No til helga kjem litlesyster Helene på besøk, og så kjem mamma og pappa på søndag. Vart kjekt å sjå dei igjen!

♥ Fyrste helga i mars får eg og Tor besøk av Stine og Ole Jacob. Eg har ikkje sett dei på nesten 3 år!

♥ Den 19. mars reiser eg og Tor til London! Gler meg masse, me skal for eksempel ete på både Dinner by Heston (Heston Blumenthal sin nye restaurant i London) og Restaurant Gordon Ramsay. Det er sånne ting me liker å bruke penger på når me fyrst skal ut å reise. Eg skal sjølvsagt få til litt shopping, men det er ikkje det som er hovudpoenget med denne turen.

♥ I mai leveres masteroppgåva, og då kan eg slappe av resten av sommaren. Skal sikkert berre jobbe, og så tek eg poststudium til hausten.

♥ I juni har eg bursdag, så det er alltid ein bra månad ;)

♥ I juli skal heile familien pluss Tor til København i anledning mamma sin 50års dag. Gler meg, lenge sidan eg var i Køben sist!

flower market
Bilete er linka
· 

fredag 10. februar 2012

Nytt x2

Hehe, eg gjort visst ei til heilgradering, eg. Likte den fancy utgåva, men det vart så lite der, liksom. Så då vil eg heller ha eit heilt enkelt, basic blogspot design ei stund =)

Håper alle har ein bra fredag! Eg har vore på jobb frå 7-12, og så var eg på skulen til 15.30, så vart ein tidleg kveld for min del.

Denne songen går på repeat hjå meg desse dagane, så fin, så fin! Har elska Laleh sidan "Prinsessor", og eg elsker denne plata!

torsdag 9. februar 2012

60 spørsmål (og svar)

Spørsmåla har eg lånt frå Mariell, som igjen har lånt dei av Sandra

1. Kor gamal er du om fem år?
Nesten 29 år. (wow)
2. Kven var du minst to timar rundt i dag?
Tor (når me søv) og dei på lesesalen
3. Kor lang er du?
163 cm
4. Kva var den forrige filmen du såg?
Julie & Julia, ELSKER den filmen. Såg den når eg var heime åleine på laurdag. 
5. Kven ringte du sist?
Tor, så klart
6. Kven ringte deg sist?
Marianne
7. Kva stod på den forrige sms’en du fekk?
“Ok, 19 sharp"
8. Føretrekk du å ringa eller senda sms?
Sms, stress å ringe
9. Er dine foreldre gifte eller skilte?
Dei har vore gifte i snart 28 år
10. Når såg du mamman din sist?
Åh, lenge sidan, den 28. desember. Men ser ho neste helg, hurra! 
sleepyhead

11. Kva farge har du på augene?
Mørke, mørke brune
12. Når våkna du i dag?
07.30
13. Kva er din favorittjulesang?
"Driving home for christmas" er den finaste syns eg. 
14. Kva er din favorittplass?
På hyttå med gode vener, vin og god mat. 
15. Kva plass likar du minst?
Flyplassar
16. Kvar trur du at du er om ti år?
Anar ikkje, kanskje bur me framleis i Bergen, kanskje har me flytta dit vinden tek oss
17. Kva skremte deg mest om natta som liten?
Smurfer. Hata dei då, hatar dei enno. Er noko med stemmane deira
18. Kva fekk deg til å le hardt seinast?
Bitre-Tor når eg vinn i spel
19. Kor stor er senga di?
160 cm brei
20. Har du stasjonær eller bærbar datamaskin?
Har ein kvit MacBook

I Heart Holland
21. Søv du med eller utan klede?
Søv med truse, gjeld det som klede?
22. Kor mange puter søv du med i senga?
Eg og Tor har to kvar
23. Kor mange land har du budd i?
To, Noreg og USA
24. Kvar har du budd?
Bryne, Ohio i USA, Bergen, Oregon i USA
25. Likar du sko, sokkar eller berrføtt?
Strømpebukser til vanleg, berrføtt på hyttå
26. Er du sosial?
Ja, forholdsvis. Av og til må eg ha litt tid for meg sjølv eller berre med Tor
27. Kva er din favorittis?
Pistasj!
28. Kva er din favorittdessert?
Sjokolademousse
29. Likar du kinamat?
Ja, men har det ikkje så ofte sidan Tor ikkje er så begeistra. Men elsker pretty much all kinamat utanom steikt ris. 
30. Likar du kaffe?
Liker det, men føretrekk te.



Kissing under the mistletoe, december 1940
31. Kva drikk du til frukost?
Vatn eller appelsinjuice
32. Søv du på nokon spesiell måte?
Som regel på magen eller på sida. Klarer ikkje liggje tett inntil Tor for eg vart så fort varm.
33. Kan du spela poker?
Haha, nei men eg later som
34. Likar du å kosa?
Ja, over gjennomsnittleg glad i kos
35. Er du eit avhengighetsmenneske?
Nei, ikkje eigentleg. 
36. Kjenner du nokon med samme bursdag som deg?
Ja, mi gode venninne Luna har akkurat same dagen som meg (22. juni 1988). I tillegg har me dei same tala i personnummeret våras, berre litt stokka om. 
37. Vil du ha born?
Ja, men ikkje enno
38. Kan du nokon andre språk enn norsk?
Engelsk, og så kan eg restaurant-spansk.
39. Har du nokon gong vore i ein ambulanse?
Nei
40. Føretrekk du havet eller eit basseng?
Basseng, for eg liker ikkje saltvatn. Det er så klissete


Clouds (AKA: It's A Girl!)


41. Kva brukar du helst pengar på?
Mat og opplevingar
42. Eig du dyre smykker?
Har eit armbånd som eg arva av oldemor, og så fekk eg øyredobbar i kvitt gull til 20 års dagen av foreldra mine. 
43. Kva er ditt favorittprogram på tv?
Åh, eg har så mange! 30 Rock, Community, Parks and Recreation, Sherlock, Bones, How I Met Your Mother og alle typar matlagingsprogram. 
44. Kan du rulla med tunga?
Jepp!
45. Kven er den morsommaste personen du kjenner?
Alle rundt meg er morosamme på sin eigen måte.
46. Søv du med kosedyr?
Nei
47. Kva har du som ringelyd?
Den automatiske på iPhone
48. Har du klesplagg frå du var liten?
Ja det trur eg.
49. Kva har du nærast deg no som er raudt?
Ei megasvær bok frå 1915 skreve av Paul Winge som heiter "Den norske sindssygeret 1-3"
50. Flørtar du mykje?
Ja, men mest med Tor


bunnnnnniiiiiieeeesssss!!!1!


51. Kan du bytta olje på bilen?
Ja, faktisk
52. Har du fått ei fartsbot nokon gong?
Nei, er flink.
53. Kva var den forrige boka du leste?
Urk, pensum. Akkurat no er det den Rettsmedisinske Kommisjon sine årsberetningar frå 1900 til 1909
54. Leser du avisa?
BT på skulen og jobb, Dagbladet i helgene. Og på nett. 
55. Abonnerer du på noko magasin?
Nei.
56. Dansar du i bilen?
Kanskje ikkje dansing, men syng ofte
57. Kva for radiostasjon høyrte du på seinast?
Studentradioen i Bergen.
58. Kva var det siste du skreiv ned på eit papir?
"Ukontrollerbar trang til å drikke/alkoholiker" - ein diagnose som heiter dipsomani, skreiv det i anledning masteroppgåva. 
59. Når var du i kyrkja sist?
Konfirmasjonen til søskenbarnet mitt i mai i fjor
60. Er du lykkelig?
Ja, men litt stressa og. 
Alle bileta er linka

onsdag 8. februar 2012

Nytt!

Har gjort heilomvending på bloggen i dag. Ville prøve det nye systemet til blogger, og syns det ser riktig så  lekkert ut! Om det er noko dykk som lesarar merker/irriterer dykk over, så sei ifrå!

No skal eg skrive i nokon timar til, masteroppgåva heng som ein mørk skugge over meg av og til. Men etter det skal eg heim til fine-Tor, ete middag og så vart det spelkveld med fine folk =)

Og i går bestilte eg og Tor billettar til London! Bursdagsgåve fra meg til Tor, han vart 25 år 4. mars! Tida går, når me møttest var han berre 21, hihi! Uansett, me treng litt London-tips, kom med dei!


Lesasalsonsdag er litt triste greier, men OK når ein har så mykje å glede seg til!