onsdag 24. november 2010

A muffin (or, in North America, English muffin) is a small, round, flat type of yeast-leavened bread almost always dusted with cornmeal

I dag har eg vore på seierslunsj (som eg sa) og hadde BLT. Den var sjukt god. Og så har eg baka English Muffins (eller berre muffins, som dei faktisk seier i England). Dei er fantastisk gode!

Namnam! Dei får den fine gulfargen frå cornmealen, som då er maismjøl (og som kostar 45 kroner for to kilo i eksotisk mat-butikken over gata. Kva anna kan eg laga av cornmeal?). Men det vart nok ei stund til eg lagar desse igjen (sjølv om dei ikkje er særs usunne, berre 25 gram sukker og 50 gram matolje i, og eg brukte kaldpressa rapsolje som ikkje er usunt i det heile) fordi dei tek UTRULEG lang tid å lage! Fyrst skal ein heve deigen i ein halvtime. Så skal ein skjære av rundingar og så heve dei i ein halvtime i ovnen på sånn ca 40 grader, så skal dei steikast i steikepanna i ti minutt på kvar side! DET gadd ikkje eg, når eg hadde tjuge muffinsar og berre plass til fire om gongen. Så eg steikte dei i steikepanna til dei fekk gyldne overflater, så stappa eg dei på eit steikebrett og steika dei på 190 grader på fem minutt på kvar side. Dei vart perfekte! Visst du vil ha oppskrifta så finn du den HER, men les kommentarane, slik eg gjorde. Så modifiserte eg sånn som var best for meg =)

No skal eg lese meir om Botsfengselet og historia om det, og kva rolle det hadde i rettspsykiatrien. Hurra! Så mens eg les om deprimerande ting kan jo dykk høyre på ein kjempefin song som går på repeat hos meg!



Säkert - Vi kommer at dö samtidig
Finaste, finaste songen!

tirsdag 23. november 2010

Heiheihallå

Eg har byrja å symje i symjehallen. Minst ein gong i veka. Som regel saman med litlesyster Marianne. Som regel ein time med symjing, og så påfølgjande halvtime i badstua. I dag var den berre seksti grader, så det gjekk an å puste utan å hyperventilera inn i handkledet (det er vanlegvis godt over åtti grader, og då svir det litt i pusterøyret).

Eg luktar no ein blanding mellom klor, honning og sitrusfrukt. Kloren er sjølvforklarande, shampoen min luktar honning, og fuktighetskremen til Marianne luktar sitrus. Det er så befriande å vera i vatn. Flyte, symje, danse. Fint! Sjølv om badedrakt er like flatterande som klovnebukser på ein hest.

No skal eg berre slappe av i sofaen. Sykla til og frå symjinga, tok snarvegen innom Nygårdsparken og vart tilbedt hasj. Eg sykla berre vidare. Eg kjenner treninga i kroppen, og det er herleg! Skal ete ei skive med leverpostei og agurk på, og så kose litt med kjærast. I morgon skal eg bake English Muffins, gå på seierslunsj på Egon (me vann quiz sist torsdag og fekk fem gavekort på lunsj hos Egons) og skrive minst eit avsnitt på oppgåva som skal inn neste onsdag. Og så skal eg kanskje symje med Marianne igjen. Flink Mc.Flinkersen!

Ha ein nydeleg tysdags kveld! Dagens katt er ein English Shorthair w/ Brown Mask. Slik vil eg har når eg vart vaksen. Men dei er dyre, og eg tykkjer det er feil å bruke masse pengar på eit dyr du kan få gratis.

Myjack_large

onsdag 17. november 2010

Alt eg vil seie er: MEEEEEEP!

Eg har eksamen i Historisk Teori og Metode (His302) i morgon. Det får meg til å sjå ut som denne smileyen: X(. Eller denne: :,( Eksamen er teit! Og særs når His302 handlar om historia om historien! Say whaaat, seier du? Joda, faget handlar om historieskriving gjennom tidene, og byrjinga på historie som eit fag (som er midten av 1800-talet, må du vete). Eg har lest så mykje at hovudet ikkje klarar fungere på eit gjennomsnittleg intelligent nivå, og eg har byrja å prate i einstavelsessetningar som ikkje gjer meining utover at eg trur eg har lest for mykje om postmodernistisk tenking om at ingen historie er rett, fordi ingenting er skreve/filma/sagt/osv utan eit visst hint av alterasjon (bilete kan manipulerast, den som skriv har ei meining om det den skriv om, kjelder kan vere ubereknelige eller falske, osv. Omg). Det eg aller helst vil i dag er å liggje i eit mørkt rom i fosterstilling mens Tor stryk med på ryggen og lagar behagelige shhhhhsshh lydar.

Men eg er vaksen, 22 år ung og masterstudent. Men eg får lettare angst når nokon av mine medstudentar "berre har lest bøkene einmilliardtusenmillionar gonger, og har "panikk" om at dei ikkje veit ABSOLUTT alt om alt på pensum". Når folk seier slikt har eg lyst til å lage Friends-teiknet rett opp i ansiktet deira mens eg lagar nnnnggh lyd (den er veldig nedverdigande). Nerds.

Neida, joda. Eksamen får no gå sin gong, sjølv om den sneik seg innpå meg som ein katt på musejakt. Eg skal vere ninja-spissmus på eksamen og lure den dumme katten! Så det så!

Og ps, mamma, eg veit du les bloggen, og ta dette innlegget med ei klype salt. Eg slit ikkje så mykje. Promise.