Vonde lydar:
- Lyden Bybana lagar når dørene lukkast. Særs når dei ikkje lar dørene stå opne ved Bypark-stoppet, men lar dørene gå nesten att, for så å kome med ny pipelyd (ikkje like vond) når dørene opnast. Gjentatt kvar gong nokon går inn på bana.
- Hylgrining. Ikkje godt for noko. Særs når folk lar ungane hylgrina "fordi dei må læra seg å ikkje få viljen sin". Djis, ungen skrik som om den held på å døy, gje den oppmerksomheit, du er i offentligheita!
- Smatting. Du er vaksen. Ler deg å ete med munnen igjen. End. Of. Story.
- Hånleg latter. Latter kjem på lista over fine lydar, men hånleg latter er noko av det vondaste eg høyrer. Slemt og unødvendig.
- Kohlsmaskin-lyden. Litt som Darth Vader, berre ikkje underhaldande i det heile.
- Kattar som malar. Er nesten ikkje finare lyd i verda, det er så sinnsjukt koseleg å høyre på at ein katt malar. Særs i sola på ein sumardag, ute i hagen mens ein les ei bok og et jordbær. Og så ligg katten ved sida av og halvsøv i sola mens den malar som ein liten maskin.
- Latter. Ekte, gledesfylt latter. Enten det er vaksne eller ungar som ler, berre det er ekte gledeslatter. Eller visst ein blir kitla av nokon ein likar ekstra godt. For eksempel kjærasten sin. Då ler ein litt fordi det kitlar og ein ikkje klarar lat vere, men og litt fordi det kitlar innvendig når kjærasten tek på deg.
- Fuglesong. Ganske fint å vakne til.
- Når vinden bles i trea. Enten det er på sumaren eller på hausten, det er fint uansett.
- Stemma til Peter O'Toole. Sjekk ut andre sesong av Tudors, så veit du kva eg meiner. Han speler paven, og eg lukk att augo når han pratar.
Ymse bilete frå Google.