onsdag 30. november 2011

Heime!

No er me endeleg heime igjen i Heien 25! Det er så deilig, og i tillegg har me fått verdas beste dusj! Og badet er så fint, og me har valgt heilt sjølv korleis det skal sjå ut. Og neste veke kjem pappa til Bergen med nytt kjøken! Åh, eg gler meg!


Vår sofa er tusen gonger betre enn hotellsofaen, og eg gler meg heilt sjukt til å sove i mi eige seng igjen, for det er verdas beste seng!

Eg vil ta bilete av leiligheten når den ikkje ser bomba ut lenger, det er litt kassar og ting enno. 

fredag 25. november 2011

Gåveidéar frå Etsy

No er det snart jul, og om ein vil handle julegåver på nettet bør ein for all del byrje no! Eg hadde lagd ei såkalla Treasure List i Etsy, men dei får me ikkje dela, så då måtte eg gjere om favorittane mine til tips! (Og dei er jo forsåvidt favorittar desse tinga og).



Masse, masse fint på Etsy! Eg kan sitje i timesvis, og trur eg har funne nokon godbitar til diverse medlem av familien ;)

Håpar det var til litt inspirasjon til andre en berre meg =). 

God helg, eg skal heim ein tur og ete god mat med familien!

torsdag 24. november 2011

Stop motion

No må eg berre dele denne med dykk! Ein stop motionfilm lagd av 288.000 jellybeans! Sangen er ikkje heilt det store, men dama er sør og videoen er fantastisk!



Og her er korleis dei lagde den. Fascinerande!



Og forresten. Eg har fått meg Wordfeud og er totalt hekta. Legg meg til! karinfransisca (så klart ;))

onsdag 23. november 2011

Hubble

Dette er skrivebordsbakgrunnen min for tida.


Tenk så uendeleg stort universet er! Når eg var lita vekk eg vondt i hovudet over å fundera på kor liten eg var i forhold til resten av.. alt!



Alle bileta er frå hubblesite.org

torsdag 10. november 2011

iPhone oppdatering

Blogging ja. Var veldig flink ei stund, så fekk eg ikkje kommentarar og då forsvinn motivasjonen (sorry altså, men det er sant). Men så kjem lysten tilbake og eg gir dykk ein liten iPhone oppdatering!

Bileta er tatt med instagram, legg meg til då vel, karinfransisca is the name!




Veronica Maggio konsert med Tor på Ole Bull Scene. Fin konsert, overraskande mange 45+ der.








Akvariet med Helene og mamma. Dei har fått seg haitunell, skummelt! Og krokodillar, apekattar, pingvinar, selar og andre fiskar, så klart.


Okidéen som eg har fått til å leve igjen (kven sa eg ikkje hadde grøne fingrar?) og Säkert! konsert på Kvarteret. Veldig fine svenske (igjen) folk! 

HURRA! Fine Ine fiksa bloggen! yay!