fredag 30. september 2011

Flytta

På tysdag flytta me. Igjen. Det vart ikkje noko bilete av leiligheten før den vart bygningsplass, me får ta det når den er pussa opp. Til nyåret.

Me bur på InCity Hotel & Apartments midt i smørauget i Bergen sentrum. Dette såg eg ut vindauget for litt sidan:


Hotel Norge, Dickens, Logehaven og Logen. 

Det er litt bråkete akkurat no, men har sin sjarm. Det er dønn stille på soverommet, med unntak av når vaskedamene startar arbeidsdagen sin kl 7. 

Eg gruer meg til å reise opp til leiligheten for å kikke på kva som har skjedd. Men må vel bite i det sure eplet ein eller annan gong. 

Ha ein fin fredagskveld vidare, eg skal jobbe i morgon og hopp tidleg i seng!

fredag 16. september 2011

Fint!

Mi fine venninne Ingrid har starta butikk på Epla! Ho lagar dei finaste, finaste sløyfeøyredobbane du kan tenkje deg, og eg har sjølvsagt allereiie fått meg eit par, berre sjå:


Sløyfe & co heiter butikken hennar, og til no har ho tre par til salgs, men fleire kjem, og alle er fine!


Så no er det berre å handle, eg kjenner på meg at desse kjem til å gå fort ;)

Og så litt personleg info til slutt. I går morges sprakk sikkerhetsventilen på varmtvannstaken i leiligheta over oss. Han som bur der var sjølvsagt ikkje heime, så i ein time regna det inn vatn på badet vårt og ut over soverommet. Heile badet må renoveras, og gulvet på soverommet på rivast opp. Skikkelig bra start på dagen. Så no står det ein svær lufttørrar på badet som bråkar. Og me må bu på hotell i to mnd mens leiligheten fiksast =( Men eg skal prøve å ta bilete fordet, sjølv om leiligheta på langt nær er slik me vil ha den, særs no! Forhåpentlig vis får eg gjort det over helga =)

Ha ein fin fredag!

onsdag 7. september 2011

Sorry

Eg beklagar for lite oppdateringar, men livet uten internett er travlare enn eg hadde tenkt. Skule, jobb og leilighetsordning tek all tida mi! Men på fredag kjem internettmannen, så gle dykk (spesielt den følgaren som hoppa av for nokre dagar sidan, I miss you!)!

Som ei lita oppdatering kan eg sei at eg klyppte meg i dag! Hurra, eg er kjempenøgd!

Og ja, eg sit på biblioteket. Var og gjorde min borgarplikt og stemde i valet, så då kunne eg like så godt sette meg ned her og lese bloggar (over hundre, igjen) og oppdatere meg på verda. 

Snart skal dykk få sjå leiligheten, lovar! 

Og PS, Line Aurora har ein konkurranse på gong, men ikkje gidd ver med, for då minskar du sjangsen min til å vinne.