torsdag 23. juni 2011

Kappeline

I dag reiste Kappeline, verdas finaste katt, til dei evige jaktmarker. Ho vart 18 år den 18. mai, og var ei gamal dame. Kreft er noko drit, om det er hjå kattar eller menneske.


Fine, fine katten. <3

onsdag 22. juni 2011

Bursdag

I dag vart eg heile 23 år! Frå 8 til 16 var eg på jobb og omadresserte aviser for folk, og no ser eg (u)frivillig Wimbledon (tennis) mens eg sippar på ein Pimm's drink (veldig, VELDIG god).

Fest med vener på laurdag, skal presse inn ein 14-15 mann på 27 kvadrat, det vart ein episk aften!

Ha ein framleis nydeleg 22. juni, folkens!
Dette er Pimm's! Nam! 

lørdag 18. juni 2011

Singapore is a Southeast Asian city-state off the southern tip of the Malay Peninsula, 137 kilometres north of the equator.

Frå mandag til torsdag denne veka har eg hatt besøk frå langveis frå. Christel og Meiling frå Singapore. Christel kjende eg frå før, me var begge utveklsingsstudentar i Oregon, og det var KNALLKJEKT å sjå ho igjen. Me gjorde turistgreier men og litt shopping (mest meg) og så på onsdag var me hjå litlesyster Marianne når ho vart 20 år (endelig!). 

Fine, fine jentene! Bilete har eg fått låne av Meiling (til venstre).

No ser eg fram til ein sumar med jobbing, og eg gler meg! Den nye jobben i Media Norge AS virker kjempekjekk, og folka ennå kjekkare!

Ha ein nydeleg laurdag, folkens!

søndag 12. juni 2011

Heime hjå

I dag var leiligheten særs fotogen (kanskje fordi eg brukte to timar på å vaske heile driten, til og med bak senga!), så eg tok bilete av heimen til meg og min kjære. Enjoy!



















 Og slik bur me! Lite, men kosleg og funksjonelt.

tirsdag 7. juni 2011

Au

Eg skar meg på ein maisboks, og då var det jammen godt eg hadde eit Hello Kitty-plaster til råds. Men det var det siste i pakken, så i dag skal eg kjøpe fleir! 

mandag 6. juni 2011

Vanleg

I går var det slik i Bergen: 


I dag er det slik utanfor vindauget: 


Herleg med ekte bergensver igjen!

søndag 5. juni 2011

Vil ha

Såg denne kjolen i eit butikkvindu i dag. Eg vil ha den!


Marc by Marc Jacobs. 

Rundt 3500 kr vil dei ha for den. =( Det passar ikkje studentøkonomien min heilt. 

lørdag 4. juni 2011

Sniff

I dag skjer det ikkje stort, så trur eg skal drikke te frå Sniff med katt-koppen min og lese "Bossypants" av Tina Fey.


Finaste Sniff.

fredag 3. juni 2011

Fredag

Jobba i dag. Var heilt OK. Når eg kom ut frå jobb var det sumar i Bergen, og det kan me like. Håper det er like bra i morgon, då vil eg i parken!


Kanskje eg skal bake kanelsnurrar i dag? Desse bakte eg til 17. mai. Vatnkokaren er frå Kenwood og den beste eg har hatt nokonsinne, og som ein bonus har den tidenes kulaste retro-design.